onsdag 30. september 2009

Julekort

Julekort produksjonen e i gang. :)
Brukt whiff of joy stempel og glade jul stempel, trur det var fra stempelglede.
stempelet inni kortet er fra den nyaste juleplata til ett trykk.
maskerte opp gutten før eg trykte glade jul. trykket er malt med distress, kantane er sverta med vintage photo. ellers er rosene og blada fra whildorchidscraft.com
blomstrane har eg laga sjøl med veileding fra StampArtic. utrolig artig å lage dei. :)




lørdag 26. september 2009

Bursdagskort






Bursdagskort til Tonje som hadde bursdag på tirsdag, sjølv om eg e langt vekke skal ikkje det hindre meg i å sende eit bursdagskort.

Har begynt å dekorere alle 4 sidene, noko som eg syns er utrolig morosamt å gjere sidan eg da brukar enda meir tid på korta og ser ser meir gjennomførte ut. får ikkje like stor plass til å skrive inni, noko som er synd men det ordne seg. :D :D

Har brukt Maribel stempel fra stempelglede, eit stempel eg virkelig ikkje får til å trykke enda, håper eg lærer meg å bruke det snart, så trist å ikkje få det til for eg liker det utrolig godt. :)
vingene bak trykket er grungeboard fra Tim Holtz, har dynka det med glimmer mist. :P
ellers er det diamantswirla, no.5 forewer flowers, roser, metall rundell fra kreativ hobby. :)

onsdag 16. september 2009

Bleiekake










Bleiekake til Tonje og Jan-André som fekk seg ei jente i går kveld. :)
Fekk gjett dei kaka før eg dro i praksis og blei veldi gla når det kom ei lita jente som dei hadde fått beskjed om skulle komme. :D
Gleder meg til å få komme til Førde igjen å sjå ho. :)
Kjøpte blomster hos herlighet i ålesund, blomstrane sitte laust slik at dei kan brukes til seinare anledningar. :) tøyet som kaka står på ein ein rosa duk som dei også kan bruke seinare. :) Brukte ca 2,5 bleiepakke med libero bleier. sleit me å få den inn i bilen sidan den e i fire etasjer. :P men den kom seg heil ned. :)

søndag 23. august 2009

Bryllupsalbum

Eit av mine største prosjekt til dags dato.
oppdrag: lage bryllupsalbum på bestilling til søskenbarnet til typen til ei venninde av meg. :)
Albumet skulle være ei gave fra mora til bruda til brudeparet så dei kunne ikkje være med i planlegginga av det. så da har eg leika meg litt med diverse fargar og pynt. lagde nok sikkert ikkje nok boksar å skrive på men får håpe det blei bra nok. :)


Framsida på albumet: ville ha det enkelt slik at bryllupsdatoen kom klart fram, med litt pynt og med eit stort bilete av brudeparet. Overskrifta er på engelsk sidan det er morsmålet til brudgommen, blei mykje tid forran ordboka. :)

Vigselen: det viktige for meg her var å få med klokkeslettet for det første kysset og dei to språka.

Vigselsattest: eit tips eg plukka opp i frå bryllupsalbumet til søskenbarnet mitt. :) syns det var utrolig lurt så da måtte eg prøve meg på det eg og. :) lagde ein konvolutt, knaut band rundt den og pynta den.













Bare digger desse froskane så dei måtte komme med.




Desse to blei veldi enkle og med lite pynt og fargar slik som dei andre har, tykte Bilda var det viktigaste og prøvde å holde det enkelt.
Kasting av bukett: Her er det mykje bilder og lite plass til pynt, gjekk mest i jordfargar sidan det var ute og det var buketten som skulle kastast. fargane på blomane skal gjenspegle fargane i buketten.



Ei utrolig kjekk utfordring og eg håpar at brudeparet blei fornøgd med gava. :)

Albumet blei lagt i ei eske som så blei pakka inn i kvit tapet og snurra rundt med gull og kvitt band som blei strimla og snurra. :)
glømte å ta bilde av det desverre.

Bryllupskort




Bryllupskort på bestilling. :)
brukt samme metode for å male trykket som på det forrige kortet. :)
har også på dette kortet prøvd å fått med bildet av brudeparet i kortet.
Til dette brudeparet har eg også lage eit bryllupsalbum, skal prøve å få lagt ut bilda seinare. er ein del bilder. :)

Bryllupskort




Bestilling på bryllupskort. :)
Brukt stempel frå Stampendous "at the altar", ett trykk og eit eg ikkje huske kor er frå. Trykket er mala med distress ink, tatt glitterlim på kjolen for å gjere den litt meir spesiell. Buketten er mala i to fargar med glitterlim inni kver blome. blomane på kortet er laga av mønsterark og bazill, farga med aged mahogany. blada har fått eit strøk med grønn glitterlim.