mandag 7. november 2011
Eske til nyfødt
Prosjekt nr 2 til denne månadens galleri hjå papir i hjertet.
Papir: Bazzill og papirdesign.
torsdag 6. oktober 2011
Gaveeske til nyfødt
Ei lita eske som passer til ei lita gåve til ein ny verdsborgar.
Stempel frå Magnolia og Stempelglede. Fargelagt med promarkers, kanter er farga med worn lipstick, distress ink.
Ark: Bazzill og poppydesign “morgengry”.
Pynt: Dieser frå magnolia, Rosa silkeband, rosa blomster, dies frå spellbinders.![]()
Bli ven med Papir i hjertet på facebook.
tirsdag 16. august 2011
søndag 3. juli 2011
Sketch Saturday skisse endte i eit lite babykort.
Eg blei utrolig inspirert av denne lørdagens skisse hos Sketch saturday. Inspirasjonen kom øyeblikkelig til meg og det var ein utrolig flott følelse. Kortet er laga til ein liten gut.
Skissa finn du her: http://sketchsaturday.blogspot.com/
lørdag 28. mai 2011
Barselgåve, bleiekake
Barselgåve til mi fantastiske venninde Sissel som fekk ein hærleg gut 14.mai. Spente var vi på kva det blei, så kaka fekk eit hint av alle mogelege fargar. Kunne jo ikkje gamble på fargen.
Laga skal representere jord og himmel. Bomull er brukt som skyer om himmel. Bak blomstrane er det grønt silkepapir, medan det bak himmelen er blått silkepapir. Alle blomstrane er heimelaga og har brukt ulike teknikkar.
På blomstrane er det brukt både serviett teknikk med serviett, vatn og farge, heimelaga roser og uttrykte blomar. ![]()
![]()
Husa er fargelagt med promarkers tusjar.
Og sidan eg alltid har hatt ei kjensle av at det skulle bli ein gut, passa det ekstra godt at eg hadde plassert ein blå blomst på sløyfa til bamsen.
Kaka falt i smak hos dei nye foreldrene som fekk kaka på sjukehuset innpakka i cellofan. Far måtte hjelpe til med henting av kaka og blei imponert. Mor måtte ta ein ekstra runde rundt kaka og lurte på korleis eg hadde klart å holdt deg skjult for ho.
![]()
![]()
![]()
![]()
![]()
Karianne
torsdag 28. april 2011
mandag 11. april 2011
Nyfødt
Kort til ein liten nyfødt hjerteknusar.
Brukt mønsterark frå Tim Holtz, delt dei opp i mindre bitar for så å distresse alle med broken china i kantane. Hovudarket har blitt raspa opp før eg har tatt broken china på kantane. Blomstrane og teksten har også fått eit strøk med borken china. Motivet er fargelagt med promarkers, glasuren på muffinsen er laga av glitterlim.
![]()
![]()
![]()
![]()
![]()
Karianne