Viser innlegg med etiketten Jente. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jente. Vis alle innlegg

lørdag 24. desember 2011

Gledelig jul alle saman.

I dag er det 24.desember, nedtellinga er ferdig og det er kun snakk om timar før det blir god julemat og pakkeopning.

Eg sitte i pysjen, medan min kjære framleis søv. Julesokken ligg å venta på å bli opna, huset er stille og det er berre tastinga frå pcen min som kan høyrast. Ute er det snø og julestemning, akkurat slik det skal være på julafta.

Vi ser fram til ein kjekk dag saman med familien, i år blir jula feria saman med familien til min kjære før vi drar oppover til min i romjula. Kjekt å få besøkt flest mogeleg før det blir familieforøkelse og ikkje like masse farting som vi er vant med.

Prosjektet eg vil vise fram i dag er eit prosjekt eg jobba med medan eg var på treff med dei fantastiske hjertedamene og papir i hjertet i Sørum.

001
Materialliste:
Stempel frå Magnolia og North star stamps. Fargelagt med distress ink. Alle kantane har og blitt sverta med distress ink “Vintage photo”. Kantane har vidare blitt raska opp med prima sitt nye skrapeverkty. Som eg forresten har blitt heilt forelska i. <3
Vidare har eg brukt ark frå We lowe scrap, bazzill og akvarell ark. Blomstrane er frå prima og WOF. Punchen er ein flott granbar punch frå Nellie Snellen,.   002003
Inni er tekst stempelet frå North star stamps brukt, på venstre side er det laga eit skrivefelt. Inni boksen er det plass til sjokolade eller ein liten gave.

Ønsker de alle ei fantastisk jul. Håper den blir kjempeflott.
Stor juleklem frå meg.

lørdag 3. desember 2011

Bursdagskort, DT Papir i Hjertet.

Eit lite bursdagskort til denne månadens galleri hjå papir i hjertet. 028

Material nytta på kortet:

  • Ark: Bazzill “mørkebrunt og mørkelilla”, Rester av mønster ark, Akvarellark, promarkers ark
  • Stempel: Magnollia, fargelagt med promarkers tusjer
  • Pynt: Nellie snellen dies, blomster og metallpynt frå Prima. Swirler er ein dies frå Magnolia.
  • Anna: Kantane på mønsterarket og panela er sverta med distress ink “dusty concord”.

029030

Ha ein fantastisk laurdagskveld vidare alle saman. :D

torsdag 1. desember 2011

1.desember

Tenk at det allerede har blitt 1.desember. Kvar har året blitt av? 
1.desember betyr meir enn julekalenderar og startskuddet for nedtellinga mot jul, det betyr også at det er tid for å opne eit nytt DT-galleri hos Papir i Hjertet. 
facebook sida til hjertelaget kan du også sjå kreasjonane som har blitt laga, samt steg for steg galleri på korleis du kan lage dine eigne bakgrunnar. 
Material brukt på kortet: 
Stempel: Magnolia og stempelglede. 
Ark: Magnolia, restar og tjukke promarkerspapir. 
Pynt: Blomster frå prima, halvperler, metallpynt. 
Anna: Mønsterarka og motiv arket har gått eit lag med kvit gesso før dei har blitt montert på panel av brun bazzill og fått seg ein runde under symaskina. Blomstrane, metallpynten og blada har også blitt mala med gesso. Den store blomsteren har blitt mala med gesso blanda med litt spun sugar "distress ink". 

Utstyret kan du finne i papir i hjertet sin nettbutikk


 


Ha ein fantastisk 1.desember vidare. 

mandag 7. november 2011

Eske til nyfødt

Prosjekt nr 2 til denne månadens galleri hjå papir i hjertet. 045
Stempel: Magnolia og Stempelglede
Teknikk: Stempelet er fargelagt med promarkers. Kantane er sverta med distress ink (Vintage photo og tattered rose). Motivet er festa med puter for å få ein forhøgd effekt.
Pynt: Dies frå magnolia (sommarfugl og svirl), dies frå spellbinders. Roseblader. Roser frå magolia. Rosa silkeband.
Papir: Bazzill og papirdesign. 046
Nydelige sommarfuglen <3
Ønsker dykk at eg skal skrive innhaldsliste over kva produkt og korleis eg lagar prosjekta mine? (ala lista over? )
Stoor klem.

søndag 25. september 2011

Til konfirmanten

Eit konfirmasjonskort eg lagde tidligare i år.

025

Tekst stempel frå stempelglede

026

Stampel frå papilio stamps, fargelagt med promarkers. 027028

No skal vi kose oss med nybakt brød og skillingbolla.

Ha ein fortsatt fantastisk søndag vidare alle saman Rødt hjerte

tirsdag 16. august 2011

tirsdag 7. juni 2011

Bestillingskort

Eit utrolig artig kort å lage da det betyr masse for mottager og personen som skal gje det vekk. Er inne i ein digital stempel periode (bruker så mykje mindre oppbevaringsplass) og bare elsker alle dei fantastiske stempla ein kan finne der ute. Fargelagt med promarkers tusjer blir det utrolig masse liv i bilda og dei er ein fryd å jobbe med. 022023025026

Rødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerte

Karianne

søndag 5. juni 2011

Konfirmasjonskort

Gøy å ta bilder ute, så lenge været tillater det.

Stempelet er frå Tickled Pink Stamps, fargelagt med promarkers og arket er tapet. 

029030032

fredag 3. juni 2011

Konfirmasjonskort

Konfirmasjonskort med Kenny K stempel fargelagt med promarkers, tapet, bazzill kartong, namne banner printa ut frå dataen, blomster og kantar fargelagt med distress ink og stempel frå stempelglede.

017018019020

Rødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerte

Karianne