Viser innlegg med etiketten Promarker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Promarker. Vis alle innlegg

fredag 16. desember 2011

Siste dag på jobb.

Tida går så utrolig fort og i dag har eg min siste dag på jobb før eg går ut i ferie og permisjon. utrolig rart å tenke tilbake på at eg for nokre månadar sidan tenkte at det var sjukt lenge til, men tida har gått i ein rasande fart og plutselig var dagen her.

Gleder meg til å ha ein siste dag saman med dei fantastiske damene og mannen på jobb. Satser på at det blir ein flott dag.

Rart å skulle pakke ned bilder frå veggane og legge bøker i esker. Tenk at der skal dei ligge i over eit år. Heilt merkeleg tanke. Burde vel snart gå opp for meg at livet er i ferd med å bli snudd heilt opp ned og vi går inn i noko av dei mest fantastiske åra i livet vårt. Gleder meg og oss så utrolig masse til å ta til på nye utfordringar og få eit lite nurk inn i livet vårt. Under 5 veker igjen til termin og dagane går i ein rasande fart, men jul oppi det heile går det ikkje akkurat noko seinare.

Vil vise dykk ei eske eg laga for ei lita stond sidan. Denne eska er utrolig flott å gje vekk i barselgåve, laga til ein liten gut.
047048

Ha ein fantastisk dag alle saman. <3

torsdag 1. desember 2011

1.desember

Tenk at det allerede har blitt 1.desember. Kvar har året blitt av? 
1.desember betyr meir enn julekalenderar og startskuddet for nedtellinga mot jul, det betyr også at det er tid for å opne eit nytt DT-galleri hos Papir i Hjertet. 
facebook sida til hjertelaget kan du også sjå kreasjonane som har blitt laga, samt steg for steg galleri på korleis du kan lage dine eigne bakgrunnar. 
Material brukt på kortet: 
Stempel: Magnolia og stempelglede. 
Ark: Magnolia, restar og tjukke promarkerspapir. 
Pynt: Blomster frå prima, halvperler, metallpynt. 
Anna: Mønsterarka og motiv arket har gått eit lag med kvit gesso før dei har blitt montert på panel av brun bazzill og fått seg ein runde under symaskina. Blomstrane, metallpynten og blada har også blitt mala med gesso. Den store blomsteren har blitt mala med gesso blanda med litt spun sugar "distress ink". 

Utstyret kan du finne i papir i hjertet sin nettbutikk


 


Ha ein fantastisk 1.desember vidare. 

onsdag 5. oktober 2011

Magnolia gaveeske

Mislykka bretting kan bli til noko nytt. Sidan boksen ikkje blei som eg ville lagde eg ei eske med handtak. Denne skal fyllast med noko kjekt når nokon har bursdag og få eit lokk med lilla silkepapir over seg.
035
Stempel frå Magnolia, fargelagt med promarkers og trykt ut med ein dies frå Nellie Snellen, kantane er fargelagt med dusty concord frå Distress ink. Swirlane: dies frå mangolia. Blomster frå Prima. Mønsterark frå mangolia.
036¨
Motivet er fargelagt med promarkers, her har eg prøvd å virkelig tenke på skugger og lage kontraster i bildet.
037
Takk for titten.
Ha ein fantastisk dag. Smilefjes med åpen munn

mandag 3. oktober 2011

Bryllupsbok

Ei bryllupsbok eg lagde for ei stond tilbake. No er boka levert, skrevet i og paret er lukkeleg gift. Håper de hadde ein fantastisk bryllupsdag. IMG_7723

Stempelet er frå Magnolia. Det er mala med promarkers, før eg gjekk bananas med klart embossingpulver for å krakelere bildet. Teksten er skrevet ut frå pc. IMG_7724

På innsida har eg brukt eit bilete av paret saman med stempel frå stempelglede. Sjølve boka er kutta ut etter eigen mal, kanten på hovudsidene er belagt med blått glitter.

IMG_7725IMG_7726

Håper boka falt i smak.

Ha ein fantastisk mandag.

lørdag 24. september 2011

Bryllupskort

Heisann alle sammen. Vore stille frå meg den siste månaden. Mykje som har foregått med flytting og diverse. Vil komme tilbake med eit innlegg med bilder frå den nye leiligheta vår. Har ikkje blitt laga så masse nytt den siste månaden, men framleis ein heil del som ikkje er blitt lagt ut så no må eg ta meg eit lite oppdaterings raid.

018

Stempel frå magnolia fargelagt med promarkers. Solnedgangen i bakgrunnen er mala med akvarellfargar. 019020021

Ønsker dykk alle ei fantastisk helg.

Tusen takk til alle som er innom og alle som legger igjen eit spor etter seg. Setter utrolig stor pris på det.

Stooooor laurdagsklem frå Karianne.

søndag 3. juli 2011

Sketch Saturday skisse endte i eit lite babykort.

Eg blei utrolig inspirert av denne lørdagens skisse hos Sketch saturday. Inspirasjonen kom øyeblikkelig til meg og det var ein utrolig flott følelse. Kortet er laga til ein liten gut.

Skissa finn du her: http://sketchsaturday.blogspot.com/

036038035037

oyoyoyoy.

Tida går så alt for fort og plutselig har det nesten gått ein månad sidan eg har lagt ut eit prosjekt i bloggen. men tru ikkje at det ikkje har blitt laga nokre kort i det siste. Mykje som skjer, men blirl ikevel laga eit kort eller to inniblandt. Også har eg fått eit par flotte bestillingar som eg har stor kost meg med. Syns det er fantastisk kjekt å kunne lage kort på bestilling. Og boksen med kort til salgs veks med jamne mellomrom.

i dag har eg lyst å vise dykk dette kortet som eg laga for ei stond tilbake. Dette er eit bryllupskort eg har laga på bestilling.

010

Stempel frå magnolia fargelagt med Promarkers. 012013

Papiret er frå Tim Holtz og tekststempla frå Stempelglede og Ett trykk. 014015016017

Ha ein fantastisk søndag alle saman og tusen takk til alle som tar turen innom bloggen.

Rødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerte

Karianne

lørdag 28. mai 2011

Barselgåve, bleiekake

Barselgåve til mi fantastiske venninde Sissel som fekk ein hærleg gut 14.mai. Spente var vi på kva det blei, så kaka fekk eit hint av alle mogelege fargar. Kunne jo ikkje gamble på fargen.

Laga skal representere jord og himmel. Bomull er brukt som skyer om himmel. Bak blomstrane er det grønt silkepapir, medan det bak himmelen er blått silkepapir. Alle blomstrane er heimelaga og har brukt ulike teknikkar.

014015

På blomstrane er det brukt både serviett teknikk med serviett, vatn og farge, heimelaga roser og uttrykte blomar. 016023

Husa er fargelagt med promarkers tusjar.

017018019020021022

Og sidan eg alltid har hatt ei kjensle av at det skulle bli ein gut, passa det ekstra godt at eg hadde plassert ein blå blomst på sløyfa til bamsen.

Kaka falt i smak hos dei nye foreldrene som fekk kaka på sjukehuset innpakka i cellofan. Far måtte hjelpe til med henting av kaka og blei imponert. Mor måtte ta ein ekstra runde rundt kaka og lurte på korleis eg hadde klart å holdt deg skjult for ho. 

Rødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerte

Karianne