Viser innlegg med etiketten Gutt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gutt. Vis alle innlegg

fredag 16. desember 2011

Siste dag på jobb.

Tida går så utrolig fort og i dag har eg min siste dag på jobb før eg går ut i ferie og permisjon. utrolig rart å tenke tilbake på at eg for nokre månadar sidan tenkte at det var sjukt lenge til, men tida har gått i ein rasande fart og plutselig var dagen her.

Gleder meg til å ha ein siste dag saman med dei fantastiske damene og mannen på jobb. Satser på at det blir ein flott dag.

Rart å skulle pakke ned bilder frå veggane og legge bøker i esker. Tenk at der skal dei ligge i over eit år. Heilt merkeleg tanke. Burde vel snart gå opp for meg at livet er i ferd med å bli snudd heilt opp ned og vi går inn i noko av dei mest fantastiske åra i livet vårt. Gleder meg og oss så utrolig masse til å ta til på nye utfordringar og få eit lite nurk inn i livet vårt. Under 5 veker igjen til termin og dagane går i ein rasande fart, men jul oppi det heile går det ikkje akkurat noko seinare.

Vil vise dykk ei eske eg laga for ei lita stond sidan. Denne eska er utrolig flott å gje vekk i barselgåve, laga til ein liten gut.
047048

Ha ein fantastisk dag alle saman. <3

onsdag 14. desember 2011

Dørskilt

Dørskilt til den hærlege Andreas. 009

På dørskiltet har eg brukt:
Thickers frå american crafts.
2 ulike typar blomster frå prima.
Swirl dies frå magnolia.
Broken china (distress ink).
Gesso
Mønsterark frå Tim Holtz 
metallpynt mala med gesso.

mandag 28. november 2011

Bursdagsboks

Bursdagsboks kortet min kjære fekk til bursdagen sin i juli. 
Trålte internett etter bilder som representerte noko av hobbyane og filmane han likar. Fann ut at James Bond og Boondock saints var perfekt til akkurat han. 

Tusen takk for alle kommentarar. 
Ha ein fantastisk dag alle saman. 

søndag 13. november 2011

Gavelapp

Mitt kjære fadderbarn Sigurd blei døypt for nokre månadar sidan. Dette kortet/til frå lappen fekk pryde gåva frå oss til han.

013

Gåvelappen er også eit DT bidrag for scrappekammeret til ei utfordring vi hadde for ei stond sidan.

mandag 24. oktober 2011

Barselsgåve

Barselsgåve til lille skjønne Levi Alexander som blei født 16 oktober.

043

Stempel frå Whiff of joy fargelagt med promarkers. Motivet er trykt ut med ein spellbinders dies og sverta i kantane med broken china. Diesane er frå magnolia og har også fått eit strøk med broken china i kantane. Blomstrar frå magnolia. Eska er laga av ark frå bazzill og Tim holtz. 044

Takk for alle besøk i bloggen.

Ha ein fantastisk kveld vidare alle sammen.

søndag 17. juli 2011

Konfirmasjonskort

Konfirmasjonskort som eg laga til utfordringa eg hadde i bloggen til Papir i Hjertet i mai. Utfordringa eg hadde var å bruke embossing. Her har eg brukt embossing rundt stempeltrykket saman med distress ink. M-en har blitt strøket igjennom embossingputa før den har fått embossingpulver i same farge som kanten på seg, etter å ha blitt varma har den også fått eit lag med distress ink over seg.

021

022023

Tekst frå stempelglede, papir frå Bazzill og Tim Holtz.

024

Rødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerte

Karianne

søndag 3. juli 2011

Sketch Saturday skisse endte i eit lite babykort.

Eg blei utrolig inspirert av denne lørdagens skisse hos Sketch saturday. Inspirasjonen kom øyeblikkelig til meg og det var ein utrolig flott følelse. Kortet er laga til ein liten gut.

Skissa finn du her: http://sketchsaturday.blogspot.com/

036038035037

mandag 30. mai 2011

Barselsgåve til vesle Andreas

Barselsgåva til vesle Andreas som kom til verda 13.April.

Sidan foreldra til Andreas fekk bleiekake til storesøstera hadde eg lyst å lage noko heilt annleis og falt heilt for denna buketten av baby sokkar og helseteppe. Sokkane er rulla saman for så å fått seg ein blomsterpinne å sitte på, eit lite grønt blad og blomstertråd til å feste heile hærligheten saman.

024

025026027028

Rødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerte

Karianne

lørdag 28. mai 2011

Barselgåve, bleiekake

Barselgåve til mi fantastiske venninde Sissel som fekk ein hærleg gut 14.mai. Spente var vi på kva det blei, så kaka fekk eit hint av alle mogelege fargar. Kunne jo ikkje gamble på fargen.

Laga skal representere jord og himmel. Bomull er brukt som skyer om himmel. Bak blomstrane er det grønt silkepapir, medan det bak himmelen er blått silkepapir. Alle blomstrane er heimelaga og har brukt ulike teknikkar.

014015

På blomstrane er det brukt både serviett teknikk med serviett, vatn og farge, heimelaga roser og uttrykte blomar. 016023

Husa er fargelagt med promarkers tusjar.

017018019020021022

Og sidan eg alltid har hatt ei kjensle av at det skulle bli ein gut, passa det ekstra godt at eg hadde plassert ein blå blomst på sløyfa til bamsen.

Kaka falt i smak hos dei nye foreldrene som fekk kaka på sjukehuset innpakka i cellofan. Far måtte hjelpe til med henting av kaka og blei imponert. Mor måtte ta ein ekstra runde rundt kaka og lurte på korleis eg hadde klart å holdt deg skjult for ho. 

Rødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerte

Karianne

søndag 15. mai 2011

Bursdag

Bursdagskort frå ei lita jente til pappaen sin.

Edwin som pirat passer bra til eit kort til ein pappa, tøffare enn toget. Har fargelagt med promarkers, brukt distress ink i kantane og bazzill som hovudkort og panel. Teksten er skrevet ut frå pc og på akvarell papir.

007008009010

Rødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerte

Karianne