Viser innlegg med etiketten Whiff of joy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Whiff of joy. Vis alle innlegg

tirsdag 20. desember 2011

Chistmas loving birds

For kvar dag er vi ein dag nærare jul, tenk at det allerede har gått eit år. Syns tida har gått kjempefort og den går sikkert berre ekstra fort sidan det berre er 1 mnd igjen til eg har termin.

Her kjem nok ei ladning av sjokoladekort. Denne gangen med Whiff of joy sitt fuglemotiv. Syns dei er så utrolig hærlege desse to. Og sjølv om det ikkje er så stor forskjell på korta ser ein at litt endring i farge kan gjere mykje for eit kort og eit motiv.
045010
043

Kva har eg brukt:
Papira har alle blitt sanda og distressa i kantane, nokon av arka har også fått eit lag med gesso i kantane. Av dieser har eg nytta magnolia sine swirl punch, granbarpunch, snøfnugga er trykt ut med cricuten.
Motiva er fargelagt med distress ink. Nokon av fuglane har også fått litt glitter på magen og det er også glitter på nokon av granbara på motivet. 044036042

Ha ein fantastisk kveld vidare alle saman.
Vi skal ha ein rolig kveld og lade opp til julefeiringa.

torsdag 15. desember 2011

Henry in winter wonderland.

Eg drømmer om snø, minusgrader og frostlagde trær, men det vi har er regn, grønne hagar og overskya himmel. Nedtur og absolutt ingen julestemning. Sjokoladekort laginga har gått på høggir, er ferdig med alle korta som skulle bli laga i år og må vel til å sende ut nokre. 90% av alle korta har blitt laga på bestilling, men nokon har eg tatt vare på sjølv sånn at iallefall nokon skal få ei julehelsing frå oss i år. Satser på at ei helsing i januar/februar er det slekta ønsker seg i år. 011

029

037

033

013

Korleis går det med di julekortlaging? Har du kome i mål i år?

onsdag 7. desember 2011

Henry in Christmas love

007012034

Stempel frå Whiff of joy malt med distress ink på tjukke akvarell ark. Motivet er sverta i kantane eller fått eit lag med gesso. Alle motiva er montert med 3d puter.
Pynt: blomster frå prima, WOC og papirdesign. Granbar dies frå flower punch, Magnolia swirl dies. Nål med diverse perler eg hadde liggande i ei skuff. Bånda er kjøpt hos papir i hjertet og hos nordby hobby i Bergen. Hjerta er dekt med eit tjukt lag med crackle paint frå ranger for så å bli fargelagt med fired brick “distress ink”.  
Papir: Alle korta er laga med base av bazzill. mønsterarka har fått eit lag med gesso for ein snø effekt.
028038039

onsdag 30. november 2011

Par i sjokolade

Sjokoladekort går som varmt hvetebrød om dagen. Korta blir gitt vekk før dei har blitt laga. 
Utrolig koselig i denne førjulstida. Desse to kjærestane er så utrolig skjønn og sei så mykje utan å sei noko. 
Utstyr brukt på kortet: 
Stempel frå Whiff of joy. 
Malt med distress ink. 
Blomster frå Prima
Gesso på alle kantar. 
Granbar punch
Band frå Nordby kunst og hobby, Bergen

Utfordringar eg deltek med dette kortet: 

lørdag 29. oktober 2011

“Gutar kan også pynte seg”

DT-Lo for papir i hjertet. Bildet er av min lillebror som på 17.mai i år fekk låne armebanda mine og underholdt seg sjølv leeeenge med dei. Har brukt ulike thickers alfabet, har spraya med distress ink over arket, sverta kantane med vintage photo. ringane rundt bildet er laga med ei glassflaske som har blitt trykt ned i vintage photo stempelputa. Bildet har også blitt sanda ned i kantane. Henry the Mouse er fargelagt med promarkers.

012013

Ønsker dykk alle ei fantastisk helg.

mandag 24. oktober 2011

Barselsgåve

Barselsgåve til lille skjønne Levi Alexander som blei født 16 oktober.

043

Stempel frå Whiff of joy fargelagt med promarkers. Motivet er trykt ut med ein spellbinders dies og sverta i kantane med broken china. Diesane er frå magnolia og har også fått eit strøk med broken china i kantane. Blomstrar frå magnolia. Eska er laga av ark frå bazzill og Tim holtz. 044

Takk for alle besøk i bloggen.

Ha ein fantastisk kveld vidare alle sammen.

mandag 11. april 2011

Nyfødt

Kort til ein liten nyfødt hjerteknusar.

Brukt mønsterark frå Tim Holtz, delt dei opp i mindre bitar for så å distresse alle med broken china i kantane. Hovudarket har blitt raspa opp før eg har tatt broken china på kantane. Blomstrane og teksten har også fått eit strøk med borken china. Motivet er fargelagt med promarkers, glasuren på muffinsen er laga av glitterlim.

046047048049050

Rødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerte

Karianne

lørdag 9. april 2011

Nyfødt

Kort til ei lita nyfødt jente.

Motivet er fargelagt med promarkers og strøet på muffinsen har fått seg eit lag med glitterlim for å vise litt betre. Rosene er fargelagt med distress ink. Swirlane er ein dies frå QuicKutz. Teksten på framsida er printa ut frå pc, medan teksten inni kortet er eit stempel frå Stempelglede.

022025023024

Rødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerte

Karianne