Viser innlegg med etiketten Magnolia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Magnolia. Vis alle innlegg

lørdag 24. desember 2011

Gledelig jul alle saman.

I dag er det 24.desember, nedtellinga er ferdig og det er kun snakk om timar før det blir god julemat og pakkeopning.

Eg sitte i pysjen, medan min kjære framleis søv. Julesokken ligg å venta på å bli opna, huset er stille og det er berre tastinga frå pcen min som kan høyrast. Ute er det snø og julestemning, akkurat slik det skal være på julafta.

Vi ser fram til ein kjekk dag saman med familien, i år blir jula feria saman med familien til min kjære før vi drar oppover til min i romjula. Kjekt å få besøkt flest mogeleg før det blir familieforøkelse og ikkje like masse farting som vi er vant med.

Prosjektet eg vil vise fram i dag er eit prosjekt eg jobba med medan eg var på treff med dei fantastiske hjertedamene og papir i hjertet i Sørum.

001
Materialliste:
Stempel frå Magnolia og North star stamps. Fargelagt med distress ink. Alle kantane har og blitt sverta med distress ink “Vintage photo”. Kantane har vidare blitt raska opp med prima sitt nye skrapeverkty. Som eg forresten har blitt heilt forelska i. <3
Vidare har eg brukt ark frå We lowe scrap, bazzill og akvarell ark. Blomstrane er frå prima og WOF. Punchen er ein flott granbar punch frå Nellie Snellen,.   002003
Inni er tekst stempelet frå North star stamps brukt, på venstre side er det laga eit skrivefelt. Inni boksen er det plass til sjokolade eller ein liten gave.

Ønsker de alle ei fantastisk jul. Håper den blir kjempeflott.
Stor juleklem frå meg.

søndag 18. desember 2011

Tilda sprer julestemning

009
041
035
040
031
027
030

No er eg snart ferdig med å vise de alle sjokoladekorta som har blitt produsert. Er ganske klar for å vise dykk litt andre prosjekt, sjølv om det ikkje har blitt så masse i det siste.

fredag 16. desember 2011

Siste dag på jobb.

Tida går så utrolig fort og i dag har eg min siste dag på jobb før eg går ut i ferie og permisjon. utrolig rart å tenke tilbake på at eg for nokre månadar sidan tenkte at det var sjukt lenge til, men tida har gått i ein rasande fart og plutselig var dagen her.

Gleder meg til å ha ein siste dag saman med dei fantastiske damene og mannen på jobb. Satser på at det blir ein flott dag.

Rart å skulle pakke ned bilder frå veggane og legge bøker i esker. Tenk at der skal dei ligge i over eit år. Heilt merkeleg tanke. Burde vel snart gå opp for meg at livet er i ferd med å bli snudd heilt opp ned og vi går inn i noko av dei mest fantastiske åra i livet vårt. Gleder meg og oss så utrolig masse til å ta til på nye utfordringar og få eit lite nurk inn i livet vårt. Under 5 veker igjen til termin og dagane går i ein rasande fart, men jul oppi det heile går det ikkje akkurat noko seinare.

Vil vise dykk ei eske eg laga for ei lita stond sidan. Denne eska er utrolig flott å gje vekk i barselgåve, laga til ein liten gut.
047048

Ha ein fantastisk dag alle saman. <3

lørdag 3. desember 2011

Bursdagskort, DT Papir i Hjertet.

Eit lite bursdagskort til denne månadens galleri hjå papir i hjertet. 028

Material nytta på kortet:

  • Ark: Bazzill “mørkebrunt og mørkelilla”, Rester av mønster ark, Akvarellark, promarkers ark
  • Stempel: Magnollia, fargelagt med promarkers tusjer
  • Pynt: Nellie snellen dies, blomster og metallpynt frå Prima. Swirler er ein dies frå Magnolia.
  • Anna: Kantane på mønsterarket og panela er sverta med distress ink “dusty concord”.

029030

Ha ein fantastisk laurdagskveld vidare alle saman. :D

torsdag 1. desember 2011

1.desember

Tenk at det allerede har blitt 1.desember. Kvar har året blitt av? 
1.desember betyr meir enn julekalenderar og startskuddet for nedtellinga mot jul, det betyr også at det er tid for å opne eit nytt DT-galleri hos Papir i Hjertet. 
facebook sida til hjertelaget kan du også sjå kreasjonane som har blitt laga, samt steg for steg galleri på korleis du kan lage dine eigne bakgrunnar. 
Material brukt på kortet: 
Stempel: Magnolia og stempelglede. 
Ark: Magnolia, restar og tjukke promarkerspapir. 
Pynt: Blomster frå prima, halvperler, metallpynt. 
Anna: Mønsterarka og motiv arket har gått eit lag med kvit gesso før dei har blitt montert på panel av brun bazzill og fått seg ein runde under symaskina. Blomstrane, metallpynten og blada har også blitt mala med gesso. Den store blomsteren har blitt mala med gesso blanda med litt spun sugar "distress ink". 

Utstyret kan du finne i papir i hjertet sin nettbutikk


 


Ha ein fantastisk 1.desember vidare. 

mandag 28. november 2011

Tildas julesjokolade

Tilda har ein gave til deg som ho ønsker du skal kose deg med i tida fram mot jul. 
Tilda i ei eng av hjerter i sin rosa/raude kjole med raud pynt rundt seg. 
Utstyr brukt på kortet: 
Stempel frå Magnolia
Fargelagt med distress ink, refill.
Granbar punch.
Blomster frå Papirdesign
Ark frå panduro.

Utfordringar eg deltek med dette kortet: 


mandag 7. november 2011

Eske til nyfødt

Prosjekt nr 2 til denne månadens galleri hjå papir i hjertet. 045
Stempel: Magnolia og Stempelglede
Teknikk: Stempelet er fargelagt med promarkers. Kantane er sverta med distress ink (Vintage photo og tattered rose). Motivet er festa med puter for å få ein forhøgd effekt.
Pynt: Dies frå magnolia (sommarfugl og svirl), dies frå spellbinders. Roseblader. Roser frå magolia. Rosa silkeband.
Papir: Bazzill og papirdesign. 046
Nydelige sommarfuglen <3
Ønsker dykk at eg skal skrive innhaldsliste over kva produkt og korleis eg lagar prosjekta mine? (ala lista over? )
Stoor klem.

onsdag 12. oktober 2011

Bryllupskort

Bryllupskort til Tine og Bjørn som gifta seg i sumar. Utrolig koselig med bestillingar frå slekt og venner. Også er det alltid litt kjekt å tenke på at det er kort eg har laga rundt om kring i landet. Dette havna i Oslo.

011012

Som på det førre kortet har eg også her brukt magnolia stempel, fargelagt med promarkers og kjolen og sløret er mala med glitterlim. Bakgrunnen er nok eit forsøk på solnedgang. 013014

Håper du likte det.

Ha ein fantastisk flott dag.

tirsdag 11. oktober 2011

Bryllupskort

Bryllupskort til eit par som gifta seg i sumar.

007

Motivet står på eit panel laga av spellbinders dieser. Bakgrunnen er laga på akvarell papir med akvarellfargar og har prøvd å lage ein solnedgang. 008

Magnolia stempelet er fargelagt med promarkers. Kjolen har fått eit lag med glitterlim

009

Byllupsstempelet er frå Stempelglede010

Tusen takk for alle kommentarar. Smilefjes med åpen munn Setter utrolig stor pris på dei.

Ha ein fantastisk kveld alle saman.

onsdag 5. oktober 2011

Magnolia gaveeske

Mislykka bretting kan bli til noko nytt. Sidan boksen ikkje blei som eg ville lagde eg ei eske med handtak. Denne skal fyllast med noko kjekt når nokon har bursdag og få eit lokk med lilla silkepapir over seg.
035
Stempel frå Magnolia, fargelagt med promarkers og trykt ut med ein dies frå Nellie Snellen, kantane er fargelagt med dusty concord frå Distress ink. Swirlane: dies frå mangolia. Blomster frå Prima. Mønsterark frå mangolia.
036¨
Motivet er fargelagt med promarkers, her har eg prøvd å virkelig tenke på skugger og lage kontraster i bildet.
037
Takk for titten.
Ha ein fantastisk dag. Smilefjes med åpen munn

mandag 3. oktober 2011

Bryllupsbok

Ei bryllupsbok eg lagde for ei stond tilbake. No er boka levert, skrevet i og paret er lukkeleg gift. Håper de hadde ein fantastisk bryllupsdag. IMG_7723

Stempelet er frå Magnolia. Det er mala med promarkers, før eg gjekk bananas med klart embossingpulver for å krakelere bildet. Teksten er skrevet ut frå pc. IMG_7724

På innsida har eg brukt eit bilete av paret saman med stempel frå stempelglede. Sjølve boka er kutta ut etter eigen mal, kanten på hovudsidene er belagt med blått glitter.

IMG_7725IMG_7726

Håper boka falt i smak.

Ha ein fantastisk mandag.

fredag 12. august 2011

Bursdagskort

Bursdagskort til embossing tutorialen eg hadde i bloggen til Papir i hjertet.

025026027028

Papir: Tim Holtz og bazzill.

Stempel: Magnollia, stempelglede og scrapmagasinet.

Pynt: tyll blomster og metall blomst frå prima, roser, rose knupper, roseblader. perler.

Anna: Klar embossing, kvit glitter embossing, gamle bok ark.

Rødt hjerteRødt hjerteRødt hjerte

Karianne

søndag 3. juli 2011

oyoyoyoy.

Tida går så alt for fort og plutselig har det nesten gått ein månad sidan eg har lagt ut eit prosjekt i bloggen. men tru ikkje at det ikkje har blitt laga nokre kort i det siste. Mykje som skjer, men blirl ikevel laga eit kort eller to inniblandt. Også har eg fått eit par flotte bestillingar som eg har stor kost meg med. Syns det er fantastisk kjekt å kunne lage kort på bestilling. Og boksen med kort til salgs veks med jamne mellomrom.

i dag har eg lyst å vise dykk dette kortet som eg laga for ei stond tilbake. Dette er eit bryllupskort eg har laga på bestilling.

010

Stempel frå magnolia fargelagt med Promarkers. 012013

Papiret er frå Tim Holtz og tekststempla frå Stempelglede og Ett trykk. 014015016017

Ha ein fantastisk søndag alle saman og tusen takk til alle som tar turen innom bloggen.

Rødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerteRødt hjerte

Karianne