onsdag 25. april 2012
"Lille sommerfugl"
søndag 15. april 2012
"Sover så fredfullt"
tirsdag 10. april 2012
Sola vår
søndag 1. april 2012
"Alle dine ansikt"
Var ikkje lett å komme i gang med scrappinga, men tykte resultatet blei ganske greit.
Innhald:
Bakgrunnen er laga med bazzill ark, gesso,distress refill og glitterlim. Pynt: Prima blomster, swirls frå magnolia, roseblad, Thickers, Blonde, knapper, tråd, metallpynt frå Prima og perlestang frå kort og godt. Annet: Gesso er påført med tjukk malingskost, distress refill er påført med fyrstikk før det er blitt støket over med kost. glitterlim er lagt på sporadisk før det er blitt strøket over med malingskosten.
søndag 25. mars 2012
Livet er snudd på hodet
fredag 13. januar 2012
"Sigurd"
Ark: My mind`s eye, Tim Holtz og bazzill.
Pynt: Diverse blonder frå skuffa mi, metallpynt frå korthobby.no, blomster frå woc og magnolia. Sommerfuglen er ein dies frå Magnolia.
Sommerfuglen har blitt farga med broken china og faded jeans (som alltid distress ink), i kantane har eg lagt eit tynt lag med stickles. Metall pynten har blitt fargelagt med gesso før eg har gått over med broken china i kantane. Bilda har blitt pussa ned i kantane og fekk difor ein kvit kant rundt seg. Thickersane har først blitt spraya med blåfarge for så å få litt ekstra blåfarge i overkant.
Denne Loen blei laga med Thats just so cute si fargeutfordring i hovudet. Ein skulle la seg inspirere av eit bilde som besto av fargane kvit og blå.
torsdag 12. januar 2012
"som ei kule"
Kvit bazzill, svart bazzill. Tråd som har blitt farga brun, bak bilda har eg brukt sølv glimmer mist. Sommerfuglstempel frå Tim Holtz og murstein maske frå Prima. Pynten over kulene er ein liten dekorring som har blitt delt i to. Ellers er bilda sanda litt ned i kantane og hovudarket sverta med black soot i kantane.
søndag 8. januar 2012
"To snart tre"
Thickers frå American Crafs, fargelagt med vintage photo. Hjertet er frå GCD, overlakkert med blank crackle paint for så å bli fargelagt med vintage photo ved å bli lagt i "vannbad" med vintagephoto og vatn. Chipboarden suger til seg vatn og difor også fargen. Grei måte å gjere det på når ein har lagt på crackle paint før ein hadde fargelagt.
Blomster dies frå magnolia, Trykt ut på kvit bazzill og fargelagt med Milled Lavendel, Dusty concord og vintage photo (Distress ink), stickles "copper" langs kantane. Metallpynt frå Prima og kortgleder. Perlepynten er frå kort og godt.
Sommerfugl dies frå magnolia, same framgangsmåten som ved blomstrane, berre at sommerfuglane har fått Stickles "copper" i midten.
Maske frå Prima og stempel frå Tim Holtz, brukt Vintage photo frå Ranger/Distress ink. Kanten på mønsterarket er blitt elda med sandpapir, rufsekant og vintage photo.
lørdag 24. desember 2011
Gledelig jul alle saman.
I dag er det 24.desember, nedtellinga er ferdig og det er kun snakk om timar før det blir god julemat og pakkeopning.
Eg sitte i pysjen, medan min kjære framleis søv. Julesokken ligg å venta på å bli opna, huset er stille og det er berre tastinga frå pcen min som kan høyrast. Ute er det snø og julestemning, akkurat slik det skal være på julafta.
Vi ser fram til ein kjekk dag saman med familien, i år blir jula feria saman med familien til min kjære før vi drar oppover til min i romjula. Kjekt å få besøkt flest mogeleg før det blir familieforøkelse og ikkje like masse farting som vi er vant med.
Prosjektet eg vil vise fram i dag er eit prosjekt eg jobba med medan eg var på treff med dei fantastiske hjertedamene og papir i hjertet i Sørum.
Materialliste:
Stempel frå Magnolia og North star stamps. Fargelagt med distress ink. Alle kantane har og blitt sverta med distress ink “Vintage photo”. Kantane har vidare blitt raska opp med prima sitt nye skrapeverkty. Som eg forresten har blitt heilt forelska i. <3
Vidare har eg brukt ark frå We lowe scrap, bazzill og akvarell ark. Blomstrane er frå prima og WOF. Punchen er ein flott granbar punch frå Nellie Snellen,. ![]()
Inni er tekst stempelet frå North star stamps brukt, på venstre side er det laga eit skrivefelt. Inni boksen er det plass til sjokolade eller ein liten gave.
Ønsker de alle ei fantastisk jul. Håper den blir kjempeflott.
Stor juleklem frå meg.
onsdag 21. desember 2011
Ferie og førjulstid <3
Dei raude gardinene e hengt opp, julestjerna skine så fint. Dei raude amaryllisane har sprunge ut og gnomane har byrja å titte fram. ![]()
Eg nyte dei første dagane i ferie/permisjon med te, hekling, bladlesing og stearinlys <3 Sjølv om dagane har vore tettpakka har eg funne tid til litt kos og pleie innimellom. Ikkje alltid greit å slappe av når ein har tusen ting ein skulle ha fått gjort. ![]()
På mandag kom vugga i hus og i går blei dyna redd opp og bamsen godt plassert på puta.
Hekleteppet eg har jobba med skal berre få ein siste pyntekant rundt heile teppet og få montert trådane så er det ferdig.
Skap har blitt rydda i og klær skal bli lagt ut på finn(men å laste opp 40 bilder tar tid). Gjenstår nokre julepakkar som skal bli pakka inn før eg er heilt i boks. Fekk faktisk julegåve frå jobben i dag også, spennande.
Spent på kva dei neste dagane vil bringe med seg.
Kun 1 mnd igjen til termin i dag. <3



