torsdag 20. januar 2011

Sko til nyfødt

Skoa som blei laga til bleiekaka til Sondre.

067068069

Og ei lita påminning. :)

I dag har vi på Scrappekammeret opna ei ny utfordring. Ta turen innom og delta da vel.

søndag 9. januar 2011

Bleiekake til Sondre

Denne bleiekaka laga eg på bestilling for ei stond tilbake og har gleda meg til å vise den fram. :) 

087088089091092093094095096097098

lørdag 8. januar 2011

Ny utfordring

Det er tid for ei ny utfordring hjå Scrappekammeret.

Utfordringa denne gongen er: Kammerpikenes Oppskrift!
Bruk minst 4 forskjellige blomster - MEN, ingen skal være like!!!

Dette er mitt bidrag til utfordringa.

016

Ta ein titt innom Scrappekammeret og sjå kva dei andre kammerpikene har laga til denne utfordringa, nytt for denne månaden er at vi har med oss to gjeste DT. :D

Håper alle har hatt ei fantastisk jul. :D

lørdag 1. januar 2011

Top ti frå året som har gått. <3

Godt nytt år alle saman. :D

Tenk at no startar vi på eit nytt år, heilt merkeleg å tenke over at eit år til allerede er ferdig. Utrolig mykje spennande som har skjedd dette året.

For å oppsummere hobbyåret som har gått har eg funne fram dei ti prosjekta eg er mest fornøgd med frå året som har gått. Dette var ikkje heilt lett.  Å skulle finne 10 prosjekt som eg tykkjer er dei finaste for året som har gått. Vanskeleg, men eg klarte no til slutt å plukke ut ti prosjekt eg er ekstra fornøgd med.

Muffins:

Denne muffinsen koste eg meg veldig med å lage. Brukte masse forskjellige band og glitter. Og eit lite bær på toppen dynka i raudt glitter. Denne fekk mi kjære venninde Monica.

Bryllupskort:

Bryllupskort til Anne-Petrin og Sigmund som gifta seg 3.april i år. Kortet er eit trappekort og har brukt ein Qk dies for å kutte ut trea. Det store treet er ei forstørring av diesen. 

Skjortekort:

Mannekort er alltid utfordrane og spennande å byrje på. Dette kortet fekk både jakke, skjorte, merkelapp og slips.

Kjærlighetskort:

Kort til min kjære når vi hadde vore saman i 7 år. Ganske “enkelt” kort, med tapet til ark.

Bursdagskort:

Bursdagskort til Ida-Emilie sin 1 års dag i september. Det viktige for meg var her å få fram forma til slottet og utnytte dei mogelegheitene slottet gav.

Krybbe:

Ei lita oppmerksomheit til ein liten nyfødt gut. Var utrolig artig å lage denne og i løpet hausten blei det laga 2 vugger. :)

Julesokk:

Eit litt annerledes julekort frå denne julesesongen. Har hatt eit par perioda der eg har laga annerledes kort og det har vore utrolig artig å jobbe med forskjellege former og variantar kort.

Kakekort:

Bursdagskort til Pia som blei 5 år i år. Ho ønskte seg 3 etagers rosa kake til bursdagen, så da fekk ho iallefall ei som ikkje var etande, men den varer i det miste lenger. ;)

Sjokoladeeske:

Denne sjokoladeeska er ein av favorittane av dei eg har laga i vinter. Er så utrolig glad i blå og kvit saman og det passa utrolig flott til ein vinterboks.

Vekekalender:

 

Tusen takk for eit fantastisk hobbyår. :D

Takk for masse inspirasjon og mange fine ord. Setter utrolig stor pris på alle tilbakemeldingar og besøk. <3 <3