onsdag 25. april 2012

"Lille sommerfugl"


 Bildet er frå vi var på nyfødtfotografering då Tuva var 9 dagar gammal. 
Picture from the newborn photoshoot we had when Tuva was 9 days old. 

Vingene kjøpte eg medan eg gjekk gravid og det var utrolig kjekt å sjå dei i bruk, sjølv om det var glitter OVER alt etterpå. 
I bought the wing was I was pregnant and it was so fun to see them in action, even if it was glitter EVERYWHERE after. 
Rundt arket har eg skrevet ein tekst til Tuva og prøvd med på drodling:
"Vår lille sommerfugl. På bildet er du 9 dagar gammal og vi er hos fotograf for alle første gang. Vi fikk mange fine bilder av deg og det her er ein av mine favoritt bilder. Du er vår lille fotomodell og det er så gøy å ta bilder av deg for å kunne sjå tilbake på kor liten du var. Søte små hender og føtter. Du er så utrolig god."
Around the paper I have written a text in Norwegian to Tuva and tried out drodling. 
"Our little butterfly. You are 9 days old in this picture and we are on your first photoshoot. We got a lot of beautiful pictures and this is one of my favorites. You are our little model and its so much fun to take pictures of you to look back on how little you was. Pretty little hands and feet".

Teksten er printa ut med cricuten min. 
The tekst is printed out with my cricut. 

Sida blei til etter å ha sett denne månadens utfordring hjå Scrappekammeret. Da eg ikkje lenger er ein del av kammerpikene til scrappekammeret var det kjekt å kunne delta på utfordringa dei hadde denna månaden då det handla om handskrift og drodling.
The page was created after I saw this months challenge at Scrappekammeret. I`m no longer a part of the design team at Scrappekammeret, and it was fun to could enter this months challenge Handwriting and drodling. 

søndag 15. april 2012

"Sover så fredfullt"

Detter er eit av mine favoritt bilder frå då Tuva var heilt nyfødt og likte å bli stramt tulla inn i teppe.Ho er så fredfull der ho søv. Dei små bilda er tatt hos fotograf då ho var 9 dagar gammal. For at Lo`en skulle få eit meir "levande" uttrykk valgte eg å ta med dei små bilda også. 



Kjempe godt å være delvis tilbake med inspirasjon og lyst til å være kreativ. 
Ha ein fantastisk søndag alle saman og tusen takk til alle som stikker nasen sin innom bloggen. 
Blir kjempeglad for alle kommentarar og tilbakemeldingar på det eg lagar <3 

tirsdag 10. april 2012

Sola vår


 Innhaldsliste: 
Ark frå Bazzill. Bakgrunnen er laga av heimesnekra distress spray, stempel frå Tim Holtz og Magolia, samt maskering frå Prima. Kantane er sverta med Dusty concord. 
Pynt: Blomster frå Prima, Chipboardhjerter med glitterlim og crackle paint, hjerte frå Melissa Frances. Krystall "blad" frå kort og godt. Thickers frå American crafts. Thickersane var orginalt kvit, men har blitt farga med distress ink og fått eit lag med Glossy accents. 

Håper de alle har hatt ei flott og innhaldsrik påske.

søndag 1. april 2012

"Alle dine ansikt"

Første Lo etter at vår kjære datter blei født. Ho har allerede blitt 2 mnd gammal og er ei flott lita jente med mange rare ansikt og uttrykk. Og somme tider er vi heldige å klare å forevige forandringane i ansiktet.

Var ikkje lett å komme i gang med scrappinga, men tykte resultatet blei ganske greit.
Innhald:
Bakgrunnen er laga med bazzill ark, gesso,distress refill og glitterlim.  Pynt: Prima blomster, swirls frå magnolia, roseblad, Thickers, Blonde, knapper, tråd, metallpynt frå Prima og perlestang frå kort og godt.  Annet: Gesso er påført med tjukk malingskost, distress refill er påført med fyrstikk før det er blitt støket over med kost. glitterlim er lagt på sporadisk før det er blitt strøket over med malingskosten.

Tusen takk til alle som er innom og veldig koseleg om de også legg igjen eit spor etter dykk <3 

søndag 25. mars 2012

Livet er snudd på hodet

Med ny sjef i hus har livet blitt snudd på hodet, men eg elska det <3 
Den 16 januar blei vår kjære datter Tuva født. 
No har ho plutseleg blitt over 2 mnd gamal og vi har tatt masse bilder som berre ligg å roper på å bli scrappa. 

Vi nyter tilværelsen og eg har så smått begynt å bevege meg inn på scrapperommet, men motivasjonen og lysta er ikkje heilt tilstades enda. 

Kjem snart tilbake <3 



fredag 13. januar 2012

"Sigurd"

Endelig har eg fått scrappa bilda av den utrolig skjønne Sigurd som kom til verda i mai i fjor. Eg var så heldig å få besøke dei på sjukehuset og tok da desse bilda av Sigurd. 
 Materialliste:
Ark: My mind`s eye, Tim Holtz og bazzill.
Pynt: Diverse blonder frå skuffa mi, metallpynt frå korthobby.no, blomster frå woc og magnolia. Sommerfuglen er ein dies frå Magnolia. 
Anna: Mønsteret på bazzill arket er laga med gesso tilsett ulike distress ink nyansar. Fargen er mala på arket med ei fyrstikk. Har også spraya med "heimelaga" blå spray over gessoen.
Sommerfuglen har blitt farga med broken china og faded jeans (som alltid distress ink), i kantane har eg lagt eit tynt lag med stickles. Metall pynten har blitt fargelagt med gesso før eg har gått over med broken china i kantane. Bilda har blitt pussa ned i kantane og fekk difor ein kvit kant rundt seg. Thickersane har først blitt spraya med blåfarge for så å få litt ekstra blåfarge i overkant. 

Detaljbilde: 

Denne Loen blei laga med Thats just so cute si fargeutfordring i hovudet. Ein skulle la seg inspirere av eit bilde som besto av fargane kvit og blå. 

Ønskjer dykk alle ei fantastisk helg. 

torsdag 12. januar 2012

"som ei kule"

Fann denne hærlege skissa inne hos Skissedilla og den måtte berre prøvast ut. 

Blei inspirert av kulene og høgden på dei.Var ei utrolig kjekk skisse å jobbe med og var utrolig inspirerande å jobbe med den når ein plutselig såg for seg resultatet i hovudet før ein byrja å jobbe med den. 
 Material:
Kvit bazzill, svart bazzill. Tråd som har blitt farga brun, bak bilda har eg brukt sølv glimmer mist. Sommerfuglstempel frå Tim Holtz og murstein maske frå Prima. Pynten over kulene er ein liten dekorring som har blitt delt i to. Ellers er bilda sanda litt ned i kantane og hovudarket sverta med black soot i kantane. 

Ha ein fantastisk flott og inspirerande dag. 

søndag 8. januar 2012

"To snart tre"

Nytt år, nye utfordringar og mogelegheiter.
 Det er kun snakk om dagar igjen til vi blir 3 i familien. Den siste tida skal bli brukt til masse hobby og litt baking. Må jo ha litt i frysen til lisjegullet kjem. 

Her ein ein LO eg har laga av eit av bilda som vi tok hos fotograf Dieter i Førde før jul (Vil komme eit innlegg med fleire bilder om litt). 

 Ark frå: Riddersholm design, bazzill og my minds eye. Kantane har blitt sanda, rufsa og distressa. Før eg distressa kantane har eg leika meg litt med masker og stempel. Detalj bilde lenger nede. 

Thickers frå American Crafs, fargelagt med vintage photo. Hjertet er frå GCD, overlakkert med blank crackle paint for så å bli fargelagt med vintage photo ved å bli lagt i "vannbad" med vintagephoto og vatn. Chipboarden suger til seg vatn og difor også fargen. Grei måte å gjere det på når ein har lagt på crackle paint før ein hadde fargelagt.  

Blomster dies frå magnolia, Trykt ut på kvit bazzill og fargelagt med Milled Lavendel, Dusty concord og vintage photo (Distress ink), stickles "copper" langs kantane. Metallpynt frå Prima og kortgleder. Perlepynten er frå kort og godt.  

Sommerfugl dies frå magnolia, same framgangsmåten som ved blomstrane, berre at sommerfuglane har fått Stickles "copper" i midten. 

Maske frå Prima og stempel frå Tim Holtz, brukt Vintage photo frå Ranger/Distress ink. Kanten på mønsterarket er blitt elda med sandpapir, rufsekant og vintage photo. 

Vil gjerne ha tilbakemeldingar på kva de saknar i blogger og kva de ønskjer å sjå meir av i løpet av 2012. Vil nok ikkje bli laga like mykje som tidlegare no framover, men ønskjer at blogginnlegga skal være interessante for dykk og at de ønskjer å følgje meg vidare i 2012. 

Stor klem frå Karianne.