onsdag 30. november 2011

Par i sjokolade

Sjokoladekort går som varmt hvetebrød om dagen. Korta blir gitt vekk før dei har blitt laga. 
Utrolig koselig i denne førjulstida. Desse to kjærestane er så utrolig skjønn og sei så mykje utan å sei noko. 
Utstyr brukt på kortet: 
Stempel frå Whiff of joy. 
Malt med distress ink. 
Blomster frå Prima
Gesso på alle kantar. 
Granbar punch
Band frå Nordby kunst og hobby, Bergen

Utfordringar eg deltek med dette kortet: 

mandag 28. november 2011

Bursdagsboks

Bursdagsboks kortet min kjære fekk til bursdagen sin i juli. 
Trålte internett etter bilder som representerte noko av hobbyane og filmane han likar. Fann ut at James Bond og Boondock saints var perfekt til akkurat han. 

Tusen takk for alle kommentarar. 
Ha ein fantastisk dag alle saman. 

Tildas julesjokolade

Tilda har ein gave til deg som ho ønsker du skal kose deg med i tida fram mot jul. 
Tilda i ei eng av hjerter i sin rosa/raude kjole med raud pynt rundt seg. 
Utstyr brukt på kortet: 
Stempel frå Magnolia
Fargelagt med distress ink, refill.
Granbar punch.
Blomster frå Papirdesign
Ark frå panduro.

Utfordringar eg deltek med dette kortet: 


søndag 27. november 2011

Sjokoladekort med snøfnugg

Åååååå. Julestemning. 
Ingenting lagar betre julestemning enn melkesjokolade og julekort. 
Elsker førjulstida. 


Utstyr brukt på kortet: 
Stempel frå Norsk stempelblad. 
Band kjøpt på Nordby kunst og hobby, Bergen. 
Papir frå Panduro. 
Granbar punch. 
Utkutta snøfnugg. 
Vintage photo (distress ink)
Stor melkesjokolade. 

Utfordringar eg deltek med dette kortet i: 


Første søndag i advent.


1.søndag i advent allerede. Her er det ein roleg dag etter baking av diverse kakesortar i går. 
Adventstaken og stjerna er tent og om eit par timar skal vi hente ei venninne av meg på bystasjonen. 

Bilder frå vår lille adventsklare leilighet: 

 Adventsstaken vår: 





Ha ein fantastisk første søndag i advent. 
Eg skal prøve å sette meg meg i næraste framtid å få oppdatert dykk med prosjekta eg har laga dei siste månadane. 

Ny stil?

Har leikt meg litt med photoshop og blogger sin malredigering. 
Kva tykkjer dykk om resultatet?? 
Treng både ris og ros for her må det forbetringar til. :) 

søndag 20. november 2011

Utfordring # 42. Medan vi ventar

Det er 20 november og det er tid for ei ny utfordring hjå Scrappekammeret. Denne månaden vil vi at du skal la deg bli inspirert av orda: Mens vi venter. Sidan eg er ihuga nynorsk brukar blei det medan vi ventar hos meg.

Denne utfordringa har eg tenkt masse på og har lenge hatt ein tanke om kva eg vil lage til den. Og sidan eg er gravid passar det jo perfekt å lage ein LO med bilder av den voksande magen. Hadde eit flott klokkeark liggande, som har vore lenge i scrappeeska mi utan at eg har klart å verkeleg bruke det, men no kom det endeleg til nytte.

030

Detalj bilder:

031033032

Har leikt med med gesso, vintage photo (distress ink) og crackle paint. Gøy med litt ekstra finish på detaljane.

Ha ein fantastisk søndag alle saman.

Stooooor klem fra meg.

onsdag 16. november 2011

Bryllupskort

Eit bryllupskort eg laga til eit flott par som gifta seg no i sumar. Eit flott par og kortet vart laga på bestilling frå svigerinna. 006007008

Tusen takk for alle kommentarar. Skal ta meg ein runde rundt i bloggane dokkers når eg kjem heim frå jobb i dag tenkte eg <3
Ha ein fantastisk dag alle saman.

mandag 14. november 2011

Sølvbryllup

Kort til eit fantastisk ektepar som har vore gift i heile 25 år.

010

Stempelet er eit digistempel fargelagt med promarkers tusjar og glitterlim. Glitterlimen er også brukt på detaljar på kortet. 009011012

Ha ein flott mandag alle saman.

søndag 13. november 2011

Helga vår i bilder.

Håper alle har hatt ei fantastisk helg. Helga vår har blitt brukt til å passe mine to av mine flotte småsøsken og vi har laga både kake og minipizza.

Pizzaen er laga med ein heimelaga pizzabotn som blei delt inn i 4 slik at kvar enkelt fekk bestemme kor stor pizza ein ville ha og kor mange. før vi lagde deig gjekk vi igjennom kva kvar enkelt ville ha på pizzaen sin og kjøpte inn det vi mangla. Pizzalaginga blei ein knallsuksess og vi jobba lange med å lage kvar vår perfekte pizza, akkurat etter vår eigen smak.

243_thumb244_thumb247_thumb248_thumb246_thumb250_thumb

Pizzaen var nydelig god og var berre såvidt vi klarte å vente til den var ute av ovnen med å ete den.

Det blei også brukt mange tima på å teikne etter Øisteins blyant. Fantastisk mann med fantastiske teikninga heilt supre for både små og store.  235_thumb237_thumb

Full fokus og konstentrasjon med kvar si Øistein bok. 252_thumb253_thumb

Kortet fikk min kjære far, eg kan verkeleg ikkje teikne, men med hjelp av gode forklaringar frå Øisteins blyant klarte tilogmed eg å teikne nokre gøye figurar.

Vi har hatt ei flott helg og stor kosa oss. Søndagen blei avslutta med kake og farsdagsfeiring. Gløymte å ta bilde av den ferdige kaka, men den falt i smak og det var ikkje mykje igjen av den då vi dro. Smilefjes

Gavelapp

Mitt kjære fadderbarn Sigurd blei døypt for nokre månadar sidan. Dette kortet/til frå lappen fekk pryde gåva frå oss til han.

013

Gåvelappen er også eit DT bidrag for scrappekammeret til ei utfordring vi hadde for ei stond sidan.

mandag 7. november 2011

Eske til nyfødt

Prosjekt nr 2 til denne månadens galleri hjå papir i hjertet. 045
Stempel: Magnolia og Stempelglede
Teknikk: Stempelet er fargelagt med promarkers. Kantane er sverta med distress ink (Vintage photo og tattered rose). Motivet er festa med puter for å få ein forhøgd effekt.
Pynt: Dies frå magnolia (sommarfugl og svirl), dies frå spellbinders. Roseblader. Roser frå magolia. Rosa silkeband.
Papir: Bazzill og papirdesign. 046
Nydelige sommarfuglen <3
Ønsker dykk at eg skal skrive innhaldsliste over kva produkt og korleis eg lagar prosjekta mine? (ala lista over? )
Stoor klem.

søndag 6. november 2011

Sjokoladekort

Eit nytt galleri hos papir i hjertet er opna og her kan du finne så utrolig masse flott frå dei fantastiske hjertedamene.

Eit av bidraga mine denne månaden er dette sjokoladekortet. Utrolig enkle å lage og veldig dekorative. Ein perfekt liten oppmerksomhet til nokon ein har nært.

034

Rundt alle kantane har eg lagt eit lag med gesso. Gesso er blitt min nye venn og elsker dette fununderlege mediumet som ein både kan male og dekorere med. Fantastisk.

038

No er det fram med distress fargane og berre å hive seg rundt å lage fleire sjokoladekort.

Ps: Papir i hjertet har fått inn utrolig masse flott til julekorta.

stooor klem.

lørdag 5. november 2011

Ny utfordring hos Scrappekammeret

Det er 5 novermber og det er tid for ei ny utfordring hos scrappekammeret. 
Vi i DT har kost oss med knappar, då utfordringa denne gang er å bruke MINST 2 knappar. 

Her er mitt resultat av utfordringa. 
Eg er i boksemodus om dagen, så det blir laga ein del boksar. 



Ta turen innom Scrappekammeret, sjå kva dei andre fantastiske DTane har blitt inspirert til å lage og delta i utfordringa om å finne ein flott premie frå Stampersheaven

Ha ein fantastisk laurdag.
Her skal dagen nytast i Bergen by, med kafe besøk og shopping.