søndag 13. november 2011

Helga vår i bilder.

Håper alle har hatt ei fantastisk helg. Helga vår har blitt brukt til å passe mine to av mine flotte småsøsken og vi har laga både kake og minipizza.

Pizzaen er laga med ein heimelaga pizzabotn som blei delt inn i 4 slik at kvar enkelt fekk bestemme kor stor pizza ein ville ha og kor mange. før vi lagde deig gjekk vi igjennom kva kvar enkelt ville ha på pizzaen sin og kjøpte inn det vi mangla. Pizzalaginga blei ein knallsuksess og vi jobba lange med å lage kvar vår perfekte pizza, akkurat etter vår eigen smak.

243_thumb244_thumb247_thumb248_thumb246_thumb250_thumb

Pizzaen var nydelig god og var berre såvidt vi klarte å vente til den var ute av ovnen med å ete den.

Det blei også brukt mange tima på å teikne etter Øisteins blyant. Fantastisk mann med fantastiske teikninga heilt supre for både små og store.  235_thumb237_thumb

Full fokus og konstentrasjon med kvar si Øistein bok. 252_thumb253_thumb

Kortet fikk min kjære far, eg kan verkeleg ikkje teikne, men med hjelp av gode forklaringar frå Øisteins blyant klarte tilogmed eg å teikne nokre gøye figurar.

Vi har hatt ei flott helg og stor kosa oss. Søndagen blei avslutta med kake og farsdagsfeiring. Gløymte å ta bilde av den ferdige kaka, men den falt i smak og det var ikkje mykje igjen av den då vi dro. Smilefjes

1 kommentar:

Grethe sa...

Ser ut til å ha vært en herlig helg!
Koselig!