fredag 13. januar 2012

"Sigurd"

Endelig har eg fått scrappa bilda av den utrolig skjønne Sigurd som kom til verda i mai i fjor. Eg var så heldig å få besøke dei på sjukehuset og tok da desse bilda av Sigurd. 
 Materialliste:
Ark: My mind`s eye, Tim Holtz og bazzill.
Pynt: Diverse blonder frå skuffa mi, metallpynt frå korthobby.no, blomster frå woc og magnolia. Sommerfuglen er ein dies frå Magnolia. 
Anna: Mønsteret på bazzill arket er laga med gesso tilsett ulike distress ink nyansar. Fargen er mala på arket med ei fyrstikk. Har også spraya med "heimelaga" blå spray over gessoen.
Sommerfuglen har blitt farga med broken china og faded jeans (som alltid distress ink), i kantane har eg lagt eit tynt lag med stickles. Metall pynten har blitt fargelagt med gesso før eg har gått over med broken china i kantane. Bilda har blitt pussa ned i kantane og fekk difor ein kvit kant rundt seg. Thickersane har først blitt spraya med blåfarge for så å få litt ekstra blåfarge i overkant. 

Detaljbilde: 

Denne Loen blei laga med Thats just so cute si fargeutfordring i hovudet. Ein skulle la seg inspirere av eit bilde som besto av fargane kvit og blå. 

Ønskjer dykk alle ei fantastisk helg. 

torsdag 12. januar 2012

"som ei kule"

Fann denne hærlege skissa inne hos Skissedilla og den måtte berre prøvast ut. 

Blei inspirert av kulene og høgden på dei.Var ei utrolig kjekk skisse å jobbe med og var utrolig inspirerande å jobbe med den når ein plutselig såg for seg resultatet i hovudet før ein byrja å jobbe med den. 
 Material:
Kvit bazzill, svart bazzill. Tråd som har blitt farga brun, bak bilda har eg brukt sølv glimmer mist. Sommerfuglstempel frå Tim Holtz og murstein maske frå Prima. Pynten over kulene er ein liten dekorring som har blitt delt i to. Ellers er bilda sanda litt ned i kantane og hovudarket sverta med black soot i kantane. 

Ha ein fantastisk flott og inspirerande dag. 

søndag 8. januar 2012

"To snart tre"

Nytt år, nye utfordringar og mogelegheiter.
 Det er kun snakk om dagar igjen til vi blir 3 i familien. Den siste tida skal bli brukt til masse hobby og litt baking. Må jo ha litt i frysen til lisjegullet kjem. 

Her ein ein LO eg har laga av eit av bilda som vi tok hos fotograf Dieter i Førde før jul (Vil komme eit innlegg med fleire bilder om litt). 

 Ark frå: Riddersholm design, bazzill og my minds eye. Kantane har blitt sanda, rufsa og distressa. Før eg distressa kantane har eg leika meg litt med masker og stempel. Detalj bilde lenger nede. 

Thickers frå American Crafs, fargelagt med vintage photo. Hjertet er frå GCD, overlakkert med blank crackle paint for så å bli fargelagt med vintage photo ved å bli lagt i "vannbad" med vintagephoto og vatn. Chipboarden suger til seg vatn og difor også fargen. Grei måte å gjere det på når ein har lagt på crackle paint før ein hadde fargelagt.  

Blomster dies frå magnolia, Trykt ut på kvit bazzill og fargelagt med Milled Lavendel, Dusty concord og vintage photo (Distress ink), stickles "copper" langs kantane. Metallpynt frå Prima og kortgleder. Perlepynten er frå kort og godt.  

Sommerfugl dies frå magnolia, same framgangsmåten som ved blomstrane, berre at sommerfuglane har fått Stickles "copper" i midten. 

Maske frå Prima og stempel frå Tim Holtz, brukt Vintage photo frå Ranger/Distress ink. Kanten på mønsterarket er blitt elda med sandpapir, rufsekant og vintage photo. 

Vil gjerne ha tilbakemeldingar på kva de saknar i blogger og kva de ønskjer å sjå meir av i løpet av 2012. Vil nok ikkje bli laga like mykje som tidlegare no framover, men ønskjer at blogginnlegga skal være interessante for dykk og at de ønskjer å følgje meg vidare i 2012. 

Stor klem frå Karianne.