fredag 2. desember 2011

November utfordring, Papir i Hjertet.

I november fekk vi i DT i utfordring å lage eit prosjekt med heimelaga bakgrunn. Tenkte lenge på utfordringa før eg fann ut kva eg skulle lage, med hjelp av gesso, broken china “distress ink” og snøfnugg blei det skapt ein bakgrunn med inspirasjon av vinter.

Steg for steg beskriving:

Steg 1: Skjær til eit bakgrunnark i ønska storleik. Her ca 10 x 10 cm. 014

Steg 2: Trykk ut snøfnugg i ulike storleikar (ta vare på restane), ta ein liten bit med tape på baksida av kvart snøfnugg og plasser dei der du ønskjer å ha dei på bakgrunnsarket. 015

Steg 3: Bruk ein svamp eller liknande og dekk heile arket med ønska farge. Her Broken China frå distress ink. Ta gjerne litt ekstra farge i kantane for ekstra dybde.

017

Steg 4: Fjern alle snøfnugga frå arket (Snøfnugga kan du ta vare på og bruke til dekorering seinare). 018

Steg 5: Bland kvit gesso med ønska farge, her broken China “distress ink”.  019020

Steg 6: Bruk restane frå du trykte ut snøfnugga som ei maske for eit nytt lag med snøfnugg. Bruk ein “gammal” pensel og dytt gessoen rundt maska. Skift ut maska før den blir gjennomvåt (blir den for våt blir “trykka” stygge og rufsete). 022

Ferdig bakgrunn: 024

Ferdig kort med heimelaga bakgrunn:

På kortet har eg tatt gesso på kantane av bakgrunnsarket. Snøfnugga som blei brukt som maske fekk eit lag med glitterlim og blei brukt som pynt.

034

Håper de fekk glede av steg for steg beskrivinga mi og sjølv prøver de på å lage ein heimelaga bakgrunn. Legg gjerne igjen link til prosjektet dykkar slik at eg får tatt eit titt.

Ha ein fantastisk dag vidare.

torsdag 1. desember 2011

1.desember

Tenk at det allerede har blitt 1.desember. Kvar har året blitt av? 
1.desember betyr meir enn julekalenderar og startskuddet for nedtellinga mot jul, det betyr også at det er tid for å opne eit nytt DT-galleri hos Papir i Hjertet. 
facebook sida til hjertelaget kan du også sjå kreasjonane som har blitt laga, samt steg for steg galleri på korleis du kan lage dine eigne bakgrunnar. 
Material brukt på kortet: 
Stempel: Magnolia og stempelglede. 
Ark: Magnolia, restar og tjukke promarkerspapir. 
Pynt: Blomster frå prima, halvperler, metallpynt. 
Anna: Mønsterarka og motiv arket har gått eit lag med kvit gesso før dei har blitt montert på panel av brun bazzill og fått seg ein runde under symaskina. Blomstrane, metallpynten og blada har også blitt mala med gesso. Den store blomsteren har blitt mala med gesso blanda med litt spun sugar "distress ink". 

Utstyret kan du finne i papir i hjertet sin nettbutikk


 


Ha ein fantastisk 1.desember vidare. 

onsdag 30. november 2011

Par i sjokolade

Sjokoladekort går som varmt hvetebrød om dagen. Korta blir gitt vekk før dei har blitt laga. 
Utrolig koselig i denne førjulstida. Desse to kjærestane er så utrolig skjønn og sei så mykje utan å sei noko. 
Utstyr brukt på kortet: 
Stempel frå Whiff of joy. 
Malt med distress ink. 
Blomster frå Prima
Gesso på alle kantar. 
Granbar punch
Band frå Nordby kunst og hobby, Bergen

Utfordringar eg deltek med dette kortet: 

mandag 28. november 2011

Bursdagsboks

Bursdagsboks kortet min kjære fekk til bursdagen sin i juli. 
Trålte internett etter bilder som representerte noko av hobbyane og filmane han likar. Fann ut at James Bond og Boondock saints var perfekt til akkurat han. 

Tusen takk for alle kommentarar. 
Ha ein fantastisk dag alle saman. 

Tildas julesjokolade

Tilda har ein gave til deg som ho ønsker du skal kose deg med i tida fram mot jul. 
Tilda i ei eng av hjerter i sin rosa/raude kjole med raud pynt rundt seg. 
Utstyr brukt på kortet: 
Stempel frå Magnolia
Fargelagt med distress ink, refill.
Granbar punch.
Blomster frå Papirdesign
Ark frå panduro.

Utfordringar eg deltek med dette kortet: 


søndag 27. november 2011

Sjokoladekort med snøfnugg

Åååååå. Julestemning. 
Ingenting lagar betre julestemning enn melkesjokolade og julekort. 
Elsker førjulstida. 


Utstyr brukt på kortet: 
Stempel frå Norsk stempelblad. 
Band kjøpt på Nordby kunst og hobby, Bergen. 
Papir frå Panduro. 
Granbar punch. 
Utkutta snøfnugg. 
Vintage photo (distress ink)
Stor melkesjokolade. 

Utfordringar eg deltek med dette kortet i: 


Første søndag i advent.


1.søndag i advent allerede. Her er det ein roleg dag etter baking av diverse kakesortar i går. 
Adventstaken og stjerna er tent og om eit par timar skal vi hente ei venninne av meg på bystasjonen. 

Bilder frå vår lille adventsklare leilighet: 

 Adventsstaken vår: 





Ha ein fantastisk første søndag i advent. 
Eg skal prøve å sette meg meg i næraste framtid å få oppdatert dykk med prosjekta eg har laga dei siste månadane. 

Ny stil?

Har leikt meg litt med photoshop og blogger sin malredigering. 
Kva tykkjer dykk om resultatet?? 
Treng både ris og ros for her må det forbetringar til. :) 

søndag 20. november 2011

Utfordring # 42. Medan vi ventar

Det er 20 november og det er tid for ei ny utfordring hjå Scrappekammeret. Denne månaden vil vi at du skal la deg bli inspirert av orda: Mens vi venter. Sidan eg er ihuga nynorsk brukar blei det medan vi ventar hos meg.

Denne utfordringa har eg tenkt masse på og har lenge hatt ein tanke om kva eg vil lage til den. Og sidan eg er gravid passar det jo perfekt å lage ein LO med bilder av den voksande magen. Hadde eit flott klokkeark liggande, som har vore lenge i scrappeeska mi utan at eg har klart å verkeleg bruke det, men no kom det endeleg til nytte.

030

Detalj bilder:

031033032

Har leikt med med gesso, vintage photo (distress ink) og crackle paint. Gøy med litt ekstra finish på detaljane.

Ha ein fantastisk søndag alle saman.

Stooooor klem fra meg.

onsdag 16. november 2011

Bryllupskort

Eit bryllupskort eg laga til eit flott par som gifta seg no i sumar. Eit flott par og kortet vart laga på bestilling frå svigerinna. 006007008

Tusen takk for alle kommentarar. Skal ta meg ein runde rundt i bloggane dokkers når eg kjem heim frå jobb i dag tenkte eg <3
Ha ein fantastisk dag alle saman.