torsdag 19. august 2010

Stille i leiren

Årsaken:
Den siste tida har det vore veldig stille her i frå. Det er fordi vi har flytta og "pussa" opp i huset vi skal leige. Begynner så smått å komme oss i orden, litt etter litt. Har malt 5 rom, veggar og tak. og ALT var sjølvsagt panel. Har verkeleg lagt mitt hat på panelvegga/tak. Blei utrolig bra når det var ferdig da. Er ikkje det, det viktigaste? :) Har ikkje fått hobbyrommet oppe og gå, manglar framleis skrivepultar og stol og diverse hyller. Har eit sterkt håp om at det blir bra til slutt. :D Blir mykje mindre plass å boltre seg på, men må berre bruke alt eg kan av veggar/hyller og reolar. :D Har du nokre tips til god oppbevaring av hobbyting?

Nokre bileter frå prosjekt "hytte": 
 Enda fleire bileter kjem. :) Må berre finne igjen kameraet mitt. som ligge i ei eske ein eller anna plass. :P 
Håper alle har hatt ein kjempe flott sommar. Her har det som du kanskje ser godt i eit sett med alt mogeleg. Så no skal det blir utrolig godt å ha ei helg der eg rett og slett ikkje skal gjere nokon ting. Gledar meg berre litt. :P Kva har du gjort i sommar?

1 kommentar:

Tonje sa...

Du e så flink, vennen<3