lørdag 25. september 2010

Arbeisrommet mitt

♥Arbeidsrommet mitt♥
Det er ikkje så veldig stort men vi har likevel klart å utnytte plassen. Her er det komt lister på veggane og små hyller som rommer ganske mykje når ein kjøper ekstra hylleplater. Alt av møbel er kjøpt på IKEA, utrolig mange flotte løysingar for rom som ikkje er så alt for store der. 
***
It`s not so very large but we still managed to get good used out of the space and make it in to a great little hobby room. All the furniture is bought on IKEA, they got so many good ideas for how to use your space the best way.
Oversiktsbilete over den lille smale kroken min. Har kjøpt meg ei stor og god skjæreplate frå fiskars på Staples. Fungera kjempe bra. 
***
Overview photo of my working space. I also bought a great big cutting board from fiskars on Staples. Works really great.
Oppbevaring av blomar er gjort i glaskrukker frå IKEA, endeleg har eg ei god sortering for blomstrane der det faktisk er plass til mykje blomster på ein gong. Sidan dei er gjennomsiktige er dei svært oversiktelege og lette og finne fram til. 
***
Storage for my flowers are some big jars from IKEA, finally I`ve got a great solution for my sorting problem for my flowers. And since the jars are see-through they are very handy and  it`s easy to find the flowers I want.
Har kjøpt bildelister som eg bruker til å sortere stempelputer, refill og ikkje minst stempel. Liker å ha alle refilla bortover slik at eg ser fargane på flaskene, blir så mykje meir oversikteleg når det er ein bestemt farge eg skal ha. Framfor har eg H2O og perfect pearls. Har også metall-lister som eg henger opp dei saksene og knivane som er mest i bruk. Utrolig snedig å ha dei lett tilgjengeleg. 
Som så mange andre har også eg hengelistene frå IKEA, mine blir brukt litt litt diverse. Har ikkje fått til eit skikkelig system enda, men det kjem vel til slutt det og. Har ei til som eg vurderar om eg skal setje opp, men har ikkje heilt bestemt meg for om eg skal gjere det enda. :) 
Til slutt eit bilete av kroken til min kjære. Er litt komisk å sjå forskjellen på utstyr på dei to pultane. :P Kan faktisk sjå veggen hass. :P 
Ha ei fantastisk helg alle sammen. :D 
Klemmer frå Karianne.
***
Finally a photo of my dear one`s space. Always a big difference in wall space. :P 
Have a great weekend everybody. :D 
Hugs from Karianne.

Ingen kommentarer: