Barselgåve til mi fantastiske venninde Sissel som fekk ein hærleg gut 14.mai. Spente var vi på kva det blei, så kaka fekk eit hint av alle mogelege fargar. Kunne jo ikkje gamble på fargen.
Laga skal representere jord og himmel. Bomull er brukt som skyer om himmel. Bak blomstrane er det grønt silkepapir, medan det bak himmelen er blått silkepapir. Alle blomstrane er heimelaga og har brukt ulike teknikkar.


På blomstrane er det brukt både serviett teknikk med serviett, vatn og farge, heimelaga roser og uttrykte blomar. 

Husa er fargelagt med promarkers tusjar.






Og sidan eg alltid har hatt ei kjensle av at det skulle bli ein gut, passa det ekstra godt at eg hadde plassert ein blå blomst på sløyfa til bamsen.
Kaka falt i smak hos dei nye foreldrene som fekk kaka på sjukehuset innpakka i cellofan. Far måtte hjelpe til med henting av kaka og blei imponert. Mor måtte ta ein ekstra runde rundt kaka og lurte på korleis eg hadde klart å holdt deg skjult for ho.





Karianne