Då vi skulle fortelle familien om at eg var gravid bestemte vi oss for at vi skulle gjere det med å gje eit lite kort til alle saman med ei lita helsing frå mini i magen. Alle korta er ganske enkle og med lite pynt, var jo tross alt teksten inni som var det viktigaste.
Sidan korta er ganske lik slår eg alle saman til eit innlegg. Var utrolig kjekt å gje korta og trur vi begge var ganske spente og nervøse når korta blei gjevne.
Tusen takk for at dokke lagde overraskelsen vår til ein så fin opplevelse. Historiane er skrevet ned i boka til gullet og vil bli tatt vare på.
Ha ein flott kveld vidare.