søndag 8. januar 2012

"To snart tre"

Nytt år, nye utfordringar og mogelegheiter.
 Det er kun snakk om dagar igjen til vi blir 3 i familien. Den siste tida skal bli brukt til masse hobby og litt baking. Må jo ha litt i frysen til lisjegullet kjem. 

Her ein ein LO eg har laga av eit av bilda som vi tok hos fotograf Dieter i Førde før jul (Vil komme eit innlegg med fleire bilder om litt). 

 Ark frå: Riddersholm design, bazzill og my minds eye. Kantane har blitt sanda, rufsa og distressa. Før eg distressa kantane har eg leika meg litt med masker og stempel. Detalj bilde lenger nede. 

Thickers frå American Crafs, fargelagt med vintage photo. Hjertet er frå GCD, overlakkert med blank crackle paint for så å bli fargelagt med vintage photo ved å bli lagt i "vannbad" med vintagephoto og vatn. Chipboarden suger til seg vatn og difor også fargen. Grei måte å gjere det på når ein har lagt på crackle paint før ein hadde fargelagt.  

Blomster dies frå magnolia, Trykt ut på kvit bazzill og fargelagt med Milled Lavendel, Dusty concord og vintage photo (Distress ink), stickles "copper" langs kantane. Metallpynt frå Prima og kortgleder. Perlepynten er frå kort og godt.  

Sommerfugl dies frå magnolia, same framgangsmåten som ved blomstrane, berre at sommerfuglane har fått Stickles "copper" i midten. 

Maske frå Prima og stempel frå Tim Holtz, brukt Vintage photo frå Ranger/Distress ink. Kanten på mønsterarket er blitt elda med sandpapir, rufsekant og vintage photo. 

Vil gjerne ha tilbakemeldingar på kva de saknar i blogger og kva de ønskjer å sjå meir av i løpet av 2012. Vil nok ikkje bli laga like mykje som tidlegare no framover, men ønskjer at blogginnlegga skal være interessante for dykk og at de ønskjer å følgje meg vidare i 2012. 

Stor klem frå Karianne. 

2 kommentarer:

Audhild sa...

Kjempelekker og stemningsfull LO du har laget. Når jeg så alle klokkene fikk jeg assosiasjoner til at dere går og venter:-) Lykke til:-)

Marianne/skorpionen sa...

Herlig og vakker LO med nydelig bilde ♥
Lykke til med familieforøkelsen!