Dei neste 20 + innlegga vil rett og slett være bilder av sjokoladekorta eg har laga. Har blitt ein del sjokoladekort den siste tida og må jo vise dei fram også, og for å få best mogeleg oversikt i etterkant blir alle lagt ut i kvart sitt innlegg. Det kjem til å bli ein tidkrevjande jobb, men håper at dei fell i smak. Så kan godt hende det ikkje står så masse på dei neste innlegga eg legg ut.
tirsdag 6. desember 2011
mandag 5. desember 2011
Gledeleg sjokoladejul
Rett og slett fanastisk nydelig ute no. Det er snø på bakken og sammen med lysa i trærne blir det berre ei heilt fantastisk stemning no. <3 Kan ikkje noko anna enn å elske det.
Sjokoladekortet legger eg inn til denne utfordringa:
5 desember og tid for ny utfordring hos Scrappekammeret.
Endeleg er det 5 desember og det er tid for ei ny utfordring hjå scrappekammeret. Denne gongen ønskjer vi å sjå prosjekt i fargen raud. La deg inspirere og lag noko i raudt.
Sidan eg er i sjokoladekort modus blei det laga eit sjokoladekort.
Stempelet er frå Kreativ hobby.
Ha ein fantastisk kveld, mogeleg det kjem fleire innlegg frå meg i løpet av kvelden.
lørdag 3. desember 2011
Bursdagskort, DT Papir i Hjertet.
Eit lite bursdagskort til denne månadens galleri hjå papir i hjertet. ![]()
Material nytta på kortet:
- Ark: Bazzill “mørkebrunt og mørkelilla”, Rester av mønster ark, Akvarellark, promarkers ark
- Stempel: Magnollia, fargelagt med promarkers tusjer
- Pynt: Nellie snellen dies, blomster og metallpynt frå Prima. Swirler er ein dies frå Magnolia.
- Anna: Kantane på mønsterarket og panela er sverta med distress ink “dusty concord”.
Ha ein fantastisk laurdagskveld vidare alle saman. :D
fredag 2. desember 2011
November utfordring, Papir i Hjertet.
I november fekk vi i DT i utfordring å lage eit prosjekt med heimelaga bakgrunn. Tenkte lenge på utfordringa før eg fann ut kva eg skulle lage, med hjelp av gesso, broken china “distress ink” og snøfnugg blei det skapt ein bakgrunn med inspirasjon av vinter.
Steg for steg beskriving:
Steg 1: Skjær til eit bakgrunnark i ønska storleik. Her ca 10 x 10 cm. ![]()
Steg 2: Trykk ut snøfnugg i ulike storleikar (ta vare på restane), ta ein liten bit med tape på baksida av kvart snøfnugg og plasser dei der du ønskjer å ha dei på bakgrunnsarket. ![]()
Steg 3: Bruk ein svamp eller liknande og dekk heile arket med ønska farge. Her Broken China frå distress ink. Ta gjerne litt ekstra farge i kantane for ekstra dybde.
Steg 4: Fjern alle snøfnugga frå arket (Snøfnugga kan du ta vare på og bruke til dekorering seinare). ![]()
Steg 5: Bland kvit gesso med ønska farge, her broken China “distress ink”. ![]()
![]()
Steg 6: Bruk restane frå du trykte ut snøfnugga som ei maske for eit nytt lag med snøfnugg. Bruk ein “gammal” pensel og dytt gessoen rundt maska. Skift ut maska før den blir gjennomvåt (blir den for våt blir “trykka” stygge og rufsete). ![]()
Ferdig kort med heimelaga bakgrunn:
På kortet har eg tatt gesso på kantane av bakgrunnsarket. Snøfnugga som blei brukt som maske fekk eit lag med glitterlim og blei brukt som pynt.
Håper de fekk glede av steg for steg beskrivinga mi og sjølv prøver de på å lage ein heimelaga bakgrunn. Legg gjerne igjen link til prosjektet dykkar slik at eg får tatt eit titt.
Ha ein fantastisk dag vidare.
torsdag 1. desember 2011
1.desember
onsdag 30. november 2011
Par i sjokolade
mandag 28. november 2011
Bursdagsboks
Tildas julesjokolade
Fargelagt med distress ink, refill.
Granbar punch.
Blomster frå Papirdesign
Ark frå panduro.