fredag 2. desember 2011

November utfordring, Papir i Hjertet.

I november fekk vi i DT i utfordring å lage eit prosjekt med heimelaga bakgrunn. Tenkte lenge på utfordringa før eg fann ut kva eg skulle lage, med hjelp av gesso, broken china “distress ink” og snøfnugg blei det skapt ein bakgrunn med inspirasjon av vinter.

Steg for steg beskriving:

Steg 1: Skjær til eit bakgrunnark i ønska storleik. Her ca 10 x 10 cm. 014

Steg 2: Trykk ut snøfnugg i ulike storleikar (ta vare på restane), ta ein liten bit med tape på baksida av kvart snøfnugg og plasser dei der du ønskjer å ha dei på bakgrunnsarket. 015

Steg 3: Bruk ein svamp eller liknande og dekk heile arket med ønska farge. Her Broken China frå distress ink. Ta gjerne litt ekstra farge i kantane for ekstra dybde.

017

Steg 4: Fjern alle snøfnugga frå arket (Snøfnugga kan du ta vare på og bruke til dekorering seinare). 018

Steg 5: Bland kvit gesso med ønska farge, her broken China “distress ink”.  019020

Steg 6: Bruk restane frå du trykte ut snøfnugga som ei maske for eit nytt lag med snøfnugg. Bruk ein “gammal” pensel og dytt gessoen rundt maska. Skift ut maska før den blir gjennomvåt (blir den for våt blir “trykka” stygge og rufsete). 022

Ferdig bakgrunn: 024

Ferdig kort med heimelaga bakgrunn:

På kortet har eg tatt gesso på kantane av bakgrunnsarket. Snøfnugga som blei brukt som maske fekk eit lag med glitterlim og blei brukt som pynt.

034

Håper de fekk glede av steg for steg beskrivinga mi og sjølv prøver de på å lage ein heimelaga bakgrunn. Legg gjerne igjen link til prosjektet dykkar slik at eg får tatt eit titt.

Ha ein fantastisk dag vidare.

2 kommentarer:

Trollkjerringa sa...

Ja, så smart!
Jeg har jo en krukke med Gesso, men har vært så usikker på hvordan jeg kan bruke det.

Nå gav du meg inspirasjon til hvordan jeg kan gjøre det.

Tusen takk!

klem Trollkjerringa. :)

nergele's puslerier sa...

Dette har jeg ikke tenkt på så dette var en god ide...

god førjulstid videre i din planlegging..