onsdag 21. desember 2011

Ferie og førjulstid <3

Dei raude gardinene e hengt opp, julestjerna skine så fint. Dei raude amaryllisane har sprunge ut og gnomane har byrja å titte fram. 016071
Eg nyte dei første dagane i ferie/permisjon med te, hekling, bladlesing og stearinlys <3 Sjølv om dagane har vore tettpakka har eg funne tid til litt kos og pleie innimellom. Ikkje alltid greit å slappe av når ein har tusen ting ein skulle ha fått gjort. 015

På mandag kom vugga i hus og i går blei dyna redd opp og bamsen godt plassert på puta.

070

Hekleteppet eg har jobba med skal berre få ein siste pyntekant rundt heile teppet og få montert trådane så er det ferdig.

Skap har blitt rydda i og klær skal bli lagt ut på finn(men å laste opp 40 bilder tar tid). Gjenstår nokre julepakkar som skal bli pakka inn før eg er heilt i boks. Fekk faktisk julegåve frå jobben i dag også, spennande.

Spent på kva dei neste dagane vil bringe med seg.
Kun 1 mnd igjen til termin i dag. <3

Ingen kommentarer: