onsdag 30. november 2011
Par i sjokolade
mandag 28. november 2011
Bursdagsboks
Tildas julesjokolade
Fargelagt med distress ink, refill.
Granbar punch.
Blomster frå Papirdesign
Ark frå panduro.
søndag 27. november 2011
Sjokoladekort med snøfnugg
Første søndag i advent.
Ny stil?
søndag 20. november 2011
Utfordring # 42. Medan vi ventar
Det er 20 november og det er tid for ei ny utfordring hjå Scrappekammeret. Denne månaden vil vi at du skal la deg bli inspirert av orda: Mens vi venter. Sidan eg er ihuga nynorsk brukar blei det medan vi ventar hos meg.
Denne utfordringa har eg tenkt masse på og har lenge hatt ein tanke om kva eg vil lage til den. Og sidan eg er gravid passar det jo perfekt å lage ein LO med bilder av den voksande magen. Hadde eit flott klokkeark liggande, som har vore lenge i scrappeeska mi utan at eg har klart å verkeleg bruke det, men no kom det endeleg til nytte.
Detalj bilder:
Har leikt med med gesso, vintage photo (distress ink) og crackle paint. Gøy med litt ekstra finish på detaljane.
Ha ein fantastisk søndag alle saman.
Stooooor klem fra meg.
onsdag 16. november 2011
Bryllupskort
mandag 14. november 2011
Sølvbryllup
søndag 13. november 2011
Helga vår i bilder.
Håper alle har hatt ei fantastisk helg. Helga vår har blitt brukt til å passe mine to av mine flotte småsøsken og vi har laga både kake og minipizza.
Pizzaen er laga med ein heimelaga pizzabotn som blei delt inn i 4 slik at kvar enkelt fekk bestemme kor stor pizza ein ville ha og kor mange. før vi lagde deig gjekk vi igjennom kva kvar enkelt ville ha på pizzaen sin og kjøpte inn det vi mangla. Pizzalaginga blei ein knallsuksess og vi jobba lange med å lage kvar vår perfekte pizza, akkurat etter vår eigen smak.
Pizzaen var nydelig god og var berre såvidt vi klarte å vente til den var ute av ovnen med å ete den.
Det blei også brukt mange tima på å teikne etter Øisteins blyant. Fantastisk mann med fantastiske teikninga heilt supre for både små og store.
Full fokus og konstentrasjon med kvar si Øistein bok.
Kortet fikk min kjære far, eg kan verkeleg ikkje teikne, men med hjelp av gode forklaringar frå Øisteins blyant klarte tilogmed eg å teikne nokre gøye figurar.
Vi har hatt ei flott helg og stor kosa oss. Søndagen blei avslutta med kake og farsdagsfeiring. Gløymte å ta bilde av den ferdige kaka, men den falt i smak og det var ikkje mykje igjen av den då vi dro.
Gavelapp
Mitt kjære fadderbarn Sigurd blei døypt for nokre månadar sidan. Dette kortet/til frå lappen fekk pryde gåva frå oss til han.
Gåvelappen er også eit DT bidrag for scrappekammeret til ei utfordring vi hadde for ei stond sidan.
mandag 7. november 2011
Eske til nyfødt
Prosjekt nr 2 til denne månadens galleri hjå papir i hjertet.
Stempel: Magnolia og Stempelglede
Teknikk: Stempelet er fargelagt med promarkers. Kantane er sverta med distress ink (Vintage photo og tattered rose). Motivet er festa med puter for å få ein forhøgd effekt.
Pynt: Dies frå magnolia (sommarfugl og svirl), dies frå spellbinders. Roseblader. Roser frå magolia. Rosa silkeband.
Papir: Bazzill og papirdesign.
Nydelige sommarfuglen <3
Ønsker dykk at eg skal skrive innhaldsliste over kva produkt og korleis eg lagar prosjekta mine? (ala lista over? )
Stoor klem.
søndag 6. november 2011
Sjokoladekort
Eit nytt galleri hos papir i hjertet er opna og her kan du finne så utrolig masse flott frå dei fantastiske hjertedamene.
Eit av bidraga mine denne månaden er dette sjokoladekortet. Utrolig enkle å lage og veldig dekorative. Ein perfekt liten oppmerksomhet til nokon ein har nært.
Rundt alle kantane har eg lagt eit lag med gesso. Gesso er blitt min nye venn og elsker dette fununderlege mediumet som ein både kan male og dekorere med. Fantastisk.
No er det fram med distress fargane og berre å hive seg rundt å lage fleire sjokoladekort.
Ps: Papir i hjertet har fått inn utrolig masse flott til julekorta.
stooor klem.