lørdag 24. desember 2011

Gledelig jul alle saman.

I dag er det 24.desember, nedtellinga er ferdig og det er kun snakk om timar før det blir god julemat og pakkeopning.

Eg sitte i pysjen, medan min kjære framleis søv. Julesokken ligg å venta på å bli opna, huset er stille og det er berre tastinga frå pcen min som kan høyrast. Ute er det snø og julestemning, akkurat slik det skal være på julafta.

Vi ser fram til ein kjekk dag saman med familien, i år blir jula feria saman med familien til min kjære før vi drar oppover til min i romjula. Kjekt å få besøkt flest mogeleg før det blir familieforøkelse og ikkje like masse farting som vi er vant med.

Prosjektet eg vil vise fram i dag er eit prosjekt eg jobba med medan eg var på treff med dei fantastiske hjertedamene og papir i hjertet i Sørum.

001
Materialliste:
Stempel frå Magnolia og North star stamps. Fargelagt med distress ink. Alle kantane har og blitt sverta med distress ink “Vintage photo”. Kantane har vidare blitt raska opp med prima sitt nye skrapeverkty. Som eg forresten har blitt heilt forelska i. <3
Vidare har eg brukt ark frå We lowe scrap, bazzill og akvarell ark. Blomstrane er frå prima og WOF. Punchen er ein flott granbar punch frå Nellie Snellen,.   002003
Inni er tekst stempelet frå North star stamps brukt, på venstre side er det laga eit skrivefelt. Inni boksen er det plass til sjokolade eller ein liten gave.

Ønsker de alle ei fantastisk jul. Håper den blir kjempeflott.
Stor juleklem frå meg.

2 kommentarer:

Randi Th. sa...

Godt nytt år!
Dette var nydelig.
Ha en fin kveld.
Klem fra Randi

Anonym sa...

For et flott bokkort!
Er nybegynner i kortskaperverden og er bare overgitt over hvor mye fint som kan lages! :o) Har du noen mal på denne boken?