fredag 16. desember 2011

Siste dag på jobb.

Tida går så utrolig fort og i dag har eg min siste dag på jobb før eg går ut i ferie og permisjon. utrolig rart å tenke tilbake på at eg for nokre månadar sidan tenkte at det var sjukt lenge til, men tida har gått i ein rasande fart og plutselig var dagen her.

Gleder meg til å ha ein siste dag saman med dei fantastiske damene og mannen på jobb. Satser på at det blir ein flott dag.

Rart å skulle pakke ned bilder frå veggane og legge bøker i esker. Tenk at der skal dei ligge i over eit år. Heilt merkeleg tanke. Burde vel snart gå opp for meg at livet er i ferd med å bli snudd heilt opp ned og vi går inn i noko av dei mest fantastiske åra i livet vårt. Gleder meg og oss så utrolig masse til å ta til på nye utfordringar og få eit lite nurk inn i livet vårt. Under 5 veker igjen til termin og dagane går i ein rasande fart, men jul oppi det heile går det ikkje akkurat noko seinare.

Vil vise dykk ei eske eg laga for ei lita stond sidan. Denne eska er utrolig flott å gje vekk i barselgåve, laga til ein liten gut.
047048

Ha ein fantastisk dag alle saman. <3

2 kommentarer:

Linda sa...

Nyt dagene, julen og ventetiden Karianne :)

Lekker eske du har laget, knallstilig og i herlige farger!

Karialov sa...

Tusen takk. :) Gleder meg til å kunne nyte ventetida fult ut, litt masse med julestresset no. Så gleder meg til ein roleg januar. :)