onsdag 22. desember 2010

Julesokk

Kort laga for desember galleriet til Papir i Hjertet. Eit annerledeskort, forma som ein julesokk. Kantane har fått seg eit lag med distress ink, kanten på sokken har også fått seg eit lag med glitterlim. Bokstavane har først fått eit lag med vintage photo før dei har fått ein lag med glitterlim over, dette gav ein flott vintage effekt. Har dekorert med glitterhjerte, blomst laga av tyll og brad, roser og nokre snøfnugg. Kortet er ganske enkelt dekorert og er likt på fram og bakside. Skrivefeltet er ein tag som har fått litt diverse pynt på seg, kunne ikkje være så tjukk da eg da ikkje hadde fått den nedi sokken igjen. :)

030031032033

1 kommentar:

pia iris sa...

kjempefin og annerledes.
likte godt papirene du har brukt og pyntinga er som alltid nydelig.
ha en flott jul og et godt nytt år. klem pia