fredag 4. juni 2010

Konfirmasjonskort

♥Konfirmasjonskort♥
  Konfirmasjonskort i blåtoner, ikkje alle jenter likar rosa så da må vi bygge på litt anna enn jentefargar noko som eigentlig passar meg godt. :) Trykket er fargelagt med distress ink, brukt broken china og tumbled glass. Dei nye fargane gjorde kombinasjonane komplett. :D tumbled glass er ein av favorittane mine av dei nye fargane. Tekstane er frå stempelglede, ladybug and friends og scrapmagasinet. Papiret er tapet, blitt kjempe gla i å bruke tapet i det siste.
***
Confirmation card in blue tones, not every girls like pink so than we have to try out some other colours, and that fits me really good. :) The motif is coloured with distress ink, I`ve used broken china and tumbled glass. The new distress colours just made my palette perfect. :D Tumbled glass is one of my favourites from the new colours. The text stamps are from stempelglede, ladybug and friends and scrapmagasinet.

I går mottok eg candyen eg fann, den var utrolig flott og var kjempe masse der som eg gledar meg til å ta i bruk. :) Berre så synd at hobbyen e pakka ned i ein STOR koffert og klar for flytting. :( Vi går ei verkeleg spennande tid i møte og gledar oss stort til nye opplevingar og jobbar. Kan nesten ikkje vente med å sette beina mine inn i mitt nye kontor og min nye kvardag. Gledar meg veldig til å få tatt i bruk utdanninga mi. :D No går det for det meste i å finne oss leilighet i Bergen, har fått nokre tilbakemeldingar på ei annonse vi la ut på finn.no, der eine tilbakemeldinga var svært spennande og aktuell. Gledar oss som nokre små ungar til å få bileta av leiligheta. :D går rundt å fantaserar om korleis den ser ut og lagar store planar for framtida i den, kryssar fingrane for at vi får den. :D 

♥ Thank you for visiting! ♥

1 kommentar:

Kjellaug sa...

Så nydelig ett kort, gjennomført i flotte farger.